Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga er ei teaterførestilling med manus og musikk av Terje Formoe spelt i Kristiansand Dyrepark sommaren 1994 og i Asker i 1995. Ho var den andre barne- og familieførestillinga om Formoe-figuren Kaptein Sabeltann (etter Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga).

Då førestillinga blei spelt på Hvalstrand i Asker sommaren 1995 gjekk stykket under namnet Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels hemmelighet. Detta var pga. brotet mellom Terje Formoe og Kristiansand Dyrepark. Kjuttaviga er namnet på staden der Kaptein Sabeltann-førestillingane blir haldne i dyreparken.[1]

Førestillinga blei filma sommaren 1994 og gjeven ut på VHS av Egmont seinare på året. Stykket blei òg gjeve ut på lydbok.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Det har gått eit par år sidan Kaptein Sabeltann forsvann frå Kjuttaviga etter å ha tapt fektekampen mot Sjømannen Ruben. Tante Bassa er så letta og glad at ho går omkring å trallar og syng i vertshuset nesten heile dagen. Sjørøvarguten Pinky frå føre episode har flytta inn i Kjuttaviga og blitt Ruben sin medhjelpar.[2] Sunniva, Tante Bassa og Ruben driv med å stella i stand eit overraskingselskap for Pinky, som har fødselsdag, men trur han har greidd å halda det hemmeleg for venane sine. I skuggane lurar sjørøvarar som er i ferd med å innta Kjuttaviga igjen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Formoe som Kaptein Sabeltann
  • Audun Meling som Langemann
  • Ingolf Karinen som Pelle Pirat
  • Knut Haugmark som Pysa Pirat
  • Ol-Hermann Gudim Lundberg som Pysa Pirat (på nokre førestilligar i 1995 på Hvalstrand)
  • Morten Usterud som Pinky
  • Janne Formoe som Sunniva
  • Svein Haagensen som Sjømannen Ruben Den Røde
  • Linda Tørklep som Tante Bassa

Songar[endre | endre wikiteksten]

  • Vi seiler vår egen sjø (berre i 1995)
  • Nå Kommer Sabeltann
  • Langemanns Sang
  • Bursdagssang
  • To Øyne (Ser Bedre Enn Ett)
  • Kanskje
  • Sjørøversang
  • Sabeltanns Lov
  • Grusomme Gabriels Spøk
  • Bryllupssang

Kassett- og CD-utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I 1994 blei førestillinga gjeven ut på kassett og CD av Grappa Musikkforlag. Utgjevinga har ei lengd på ca 1 time.

VHS- og DVD-utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den 16.-19. juli 1994 vart det gjorde opptaket av førestillinga. Det blei først vist på NRK og seinare på hausten lansert på video av Egmont. Denne versjonen varer i 65 minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forestillinger», Kaptein Sabeltann Wiki (på engelsk), henta 29. juni 2020 
  2. «Kaptein Sabeltann og Hemmeligheten i Kjuttaviga», Kaptein Sabeltann Wiki (på engelsk), henta 29. juni 2020