Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaptein Sabeltann-teateret i Kristiansand Dyrepark.

Kaptein Sabeltann og Skatten i Kjuttaviga er ein barne- og familiemusikal med tekst og musikk av Terje Formoe. Han blei vist som utandørs sommarførestilling i Kristiansand Dyrepark i 1990, 1991, 1992 og 1993, og er den første førestillinga om sjørøvarfiguren Kaptein Sabeltann. Formoe spelte sjølv hovudrolla, blant anna mot dottera Janne Formoe i rollen som sørlandsjenta Sunniva. Stykket og musikken derfrå var ein stor kommersiell suksess og byrjinga på fleire populære førestillingar, historier, musikkutgjevingar, bøker og andre spin-off-produkt om Kaptein Sabeltann.

I 1990 og 1991 blei tilstellinga vist på dagtid og tidleg kveld, men i 1992 og 1993 var Kaptein Sabeltann-tilstellingane flytta til kveldstid. Då blei førestillinga vist kvar kveld i høgsesongen klokka 22.30 .

Ein av førestellingane i 1992 blei filma og vist på NRK i januar 1993. Ho blei òg utgjeven på video.

Ho blei gjeven ut på lydkassett i 1991 og CD i 1992.

Seinare oppsettingar[endre | endre wikiteksten]

I sesongane 1998 og 1999 blei førestillinga sett opp igjen, men som ei samanslåing med den andre førestillinga Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga inkludert. I denne førestillinga var det noko andre scenerekvisittar enn i dei originale førestillingane. Sceneområdet i Kjuttaviga blei noko ombygd då Terje Formoe og Sabeltann-konseptet spelte førestillingar på Hvalstrand i Asker i sesongen 1995, då det var brot mellom Formoe og Dyreparken. Sceneområdet i sesonga 1998 og under 10-årsjubileet til Sabeltann i 1999, var så å seia det same som i sesongane 1996 og 1997 då Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant blei spelt, berre at husa var måla raude og kvite til sesongane 1998 og 1999. Hengebruene frå førre tilstelling var òg ein del av rekvisittane som vart brukt under førestillinga. Båten til Ruben, «Gorine», var ein ekte båt som låg ved brygga, i staden for ein rekvisitt forma som ein båt som i dei opphavlege tilstellingane frå tidleg 90-tal. I andre halvdel av førestillinga blei det òg introdusert to nye figurar: Odin og Benjamin Pirat. Heile førestillinga blei avslutta med at Sjømannen Ruben og Kaptein Sabeltann dukka opp på scena, og Ruben la eit stort svart teppe over Sabeltann, etterfølgd av at Sabeltann blei «trylla bort» i røyk og kanondrønn. Deretter kunne latteren til Sabeltann høyrast over heile Kjuttaviga, og fleire personar utkledde som Sabeltann dukka opp, rundt om på sceneområdet, blant publikum og så vidare, før den «ekte» Sabeltann spelt av Formoe til slutt dukka opp ute på «Den Sorte Dame», for så å synga den nye Sabeltann-songen «Jeg kommmer alltid tilbake». Deretter sigla Sabeltann avstad frå Kjuttaviga.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Manusforfattar, låtskrivar og hovudrolleinnehavar Terje Formoe opnar forteljinga slik:

Hvis du runder sommerøya og seiler inn i det trange sundet som kalles for Nåløyet, da kommer du til Kjuttaviga, en vakker og fredelig bukt hvor du straks vil føle deg mye tryggere. Det første du vil få øye på er en skute som ligger og dupper ved kai. Den heter Gorine og eies av Sjømannen Ruben den Røde. Ruben har gått i land i Kjuttaviga, for her vil han leve og bo, det fineste stedet han vet på jord. Nesten vegg-i-vegg bor Tante Bassa i det koselige verthuset sitt og lille Sunniva hjelper til når det blir mye å gjøre. Men selv i verdens fredeligste bukt kan det dukke opp uventede gjester...

Kaptein Sabeltann, Kongen på dei sju hav, luktar gull. Lukta kjem frå den vesle idylliske staden Kjuttaviga. Der bur Tante Bassa og Sjømannen Ruben saman med vesle Sunniva. Ein dag kjem Sunniva tilbake etter å ha bada ved Fantomas, det gamle skipet til Grusomme Gabriel. Ombord på den 100 år gamle skuta finn Sunniva eit gammalt kart. Ho spring attende til Kjuttaviga for å fortelja det til Ruben. Medan Sunniva og Ruben studerer kartet på ei tønne ved båten til Ruben, Gorine, har Pinky, den yngste av mennene til Kaptein Sabeltann, snike seg ombord på Gorine. No ligg han på baugsprydet til båten og får med seg kvar detalj av kartet. Han blir til slutt jaga bort frå Kjuttaviga etter å ha prøvd å stela kartet frå Sunniva. Tante Bassa er engsteleg og redd for at den vesle sjørøvarguten vil fortelja Kaptein Sabeltann om skattekartet og at skal koma eit sjørøvarangrep. Natta fell og ein kan sjå ein robåt i mørket. Det er Pinky som kjem attende med Pelle Pirat, ein annan av mennene til Kaptein Sabeltann. Dei er sende for å henta skattekartet frå Ruben. Pinky trur at kartet ligg under puta til Ruben. Difor blir Pelle brukt som avleiing og spør Ruben om han kan hjelpa han med å leita etter ein pose urter til «si sjuke mor». Medan dei to leitar etter posen har Pinky snike seg inn bakdøra på huset til Ruben. Pinky gjev teikn til Pelle om at kartet er funne og dei bør koma seg unna så fort som mogleg. Det går ikkje lang tid før Ruben merker at kartet er borte. Dette vekker Sunniva og Tana Bassa. Piratane på veg, men Ruben har ein plan. Han hugsar kvar detalj av kartet og no skal han grava opp skatten og byta han ut med nokre gamle fiskesaker. Like før han er ferdig med å grava ned utstyret kan ein høyra eit stort smell. Det er Kaptein Sabeltann som kjem for å henta skatten. Når dei har lagt til land gjev kapteinen kartet til Pelle Pirat. Han seier at han ikkje kan lesa, og gjev kartet vidare til Pinky.

Historia endar med at sjørøvarane blir overvunne og må gå planken, folket frå Kjutta får skatten og «de unge hverandre.»[1]

Medverkande i sesongane 1990–1993[endre | endre wikiteksten]

(òg videoutgjevinga)

Medverkande i sesongane 1998–1999[endre | endre wikiteksten]

Videoutgjeving[endre | endre wikiteksten]

I perioden 15. til 18. juli 1992 blei førestillinga filma. Denne førestillinga er på 45 minutt og blei sendt på NRK i januar 1993. Ho blei òg gjeven ut på video (1993). Roald Øyen var prosjektleiar, medan Nandor Hamza hadde ansvaret for fjernsynsregi.

Lydbok[endre | endre wikiteksten]

Førestillinga blei gjeven ut på MC i 1991 og CD i 1992 og inneheld ei rekkje songar. Begge utgjevingane blei gjevne ut av Grappa Musikkforlag.

Songar
  1. «Intro» (2:19)
  2. «Pinkys sang» (5:32)
  3. «Vi må ikke si et ord» (9:01)
  4. «Vi vil finne gull» (13:36)
  5. «Sjørøverne kommer» (7:45)
  6. «Venner» (4:23)
  7. «Å ønske seg en mann» (3:39)
  8. «Sjørøverne kommer» (Reprise) (8:35)
  9. «Gi aldri opp» (2:48)
  10. «Her vi bor» (2:51)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kaptein Sabeltann og Skatten i Kjuttaviga (1990-1993)», Kaptein Sabeltann Wiki, henta 27. juni 2020 , som oppgjev «Barnas nattlige piratgrøssEdit». Anmeldelse av Øyvind Loraas for Aftenposten, 24. juli 1992