Kapun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kapunarr i Hainan i Kina. Merk små hovud, kammar og hakelappar.

Kapun er ein hane som er blitt kastrert tidleg i livet. Dette er ein tradisjonell måte å oppnå ein slaktefugl med velsmakande kjøt på, men kapunering er forbode fleire stader, som i Noreg.[1]

Kapunkjøt er saftigare, mørare og betre på smak enn det til andre hanar og høner, både fordi dyra utviklar seg utan kjønnshormon og fordi dei gjerne rører seg mindre enn kjønnsmogne hanar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bruk av kapunar er kjend frå det gamle Kina, Romarriket og Hellas i antikken.[3] Ein tidleg omtale av kapunering kjem frå den romerske republikken. Loven Lex Faunia frå 162 f.Kr. la ned forbod mot å feit opp høner for å spara på korn. Romarane brukte då kapunar til kjøt i staden.[4]:305 Kapunar er også omtalte seinare i mellomalderen, der gastronomiske tekstar omtalar dei som føretrekt fjørfe. Vanlege høns og hanar var rekna som bondekost, medan munkar skal ha føretrekt dei velsmakande kapunane.[4]:309

I dag blir kapunar særleg produsert i Frankrike, i regionar som Gers og Jura. Dei er ein spesialitet i Bresse, der Chapon de Bresse frå den særskilde hønserasen bressehøns har verna status som appellation d'origine contrôlée. Ein produserer også mykje kapun i Nord-Italia, som i Piemonte, Friuli-Venezia Giulia, Emilia-Romagna og Marche. Tidleg på 1900-talet var kapun vanleg som julemåltid i Nord-Italia og Toscana, og var ein sjeldan luksus for bønder og arbeidarfamiliar.[5][6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kapun». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
  2. Mrs A Basley (1910). Western poultry book. s. 112–15. 
  3. Rob. R. Slocum; United States. Dept. of Agriculture (22. mai 1911). «Historical Sketch». Farmers' Bulletin. Capons and Caponizing. 452. Animal Husbandman in Poultry Investigations, Bureau of Animal Industry. University of Minnesota: U.S. Government Printing Office. s. 5. 
  4. 4,0 4,1 Maguelonne Toussaint-Samat (2009). «The History of Poultry». The History of Food. Sett om av Anthea Bell (revised utg.). John Wiley & Sons. s. 305–15. ISBN 978-1444-30514-2. 
  5. Carole M. Counihan (2004). Around the Tuscan Table: Food, Family, and Gender in Twentieth Century Florence. Routledge. s. 61. ISBN 9781135939632. Henta December 15, 2014. 
  6. Edward Giobbi; Eugenia Giobbi Bone (2005). Italian Family Dining: Recipes, Menus, and Memories of Meals with a Great American Food Family. Rodale. s. 232. ISBN 9781594861260. Henta December 15, 2014. 
  7. Linda Civitello (2007). Cuisine and Culture: A History of Food and People (2nd utg.). John Wiley & Sons. s. 265. ISBN 9780471741725. 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.