Kapustin Jar

Koordinatar: 48°33′56″N 46°17′43″E / 48.56556°N 46.29528°E / 48.56556; 46.29528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapustin Jar
Капустин Яр
Horisonten til Kapustin Jar
Horisonten til Kapustin Jar
Plassering
Kapustin Jar is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Astrakhan oblast
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt

{{{innbyggjarar_totalt}}}
Koordinatar 48°33′56″N 46°17′43″E / 48.56556°N 46.29528°E / 48.56556; 46.29528
Diverse annan informasjon

Kapustin Jar (russisk Капустин Яр) er ein russisk rakettbase i Astrakhan oblast mellom Volgograd og Astrakhan. Basen, som ligg inntil Znamensk og gjerne vert kalla ved det namnet, vart opna 13. mai 1946.[1]

Kart over Kapustin Jar

Til å byrja med nytta ein teknisk og vitskapleg støtte frå det overvunne Tyskland. Ei stor mengd militære testrakettar er vorten skoten opp frå basen, og dessutan mange satellittar og sondar. Den første raketten vart skoten opp frå basen den 18. oktober 1947 og var ein av dei elleve A-4-rakettar som var vorte erobra frå tyskarane.

Det statlege senteret for forsking og utvikling, GNIIP-8, prøveområde S, vart etablert ved Kapustin Jar i juni 1951. Fem atmosfæriske kjernevåpentestar med kapasitet (10 – 40 kilotonn TNT) vart utførte i 1957–61.

Etter utvidingar vart plassen ein kosmodrom, og har hatt denne funksjonen sidan 1966 (med avbrot 1988-1998). Byen Znamensk vart bygd for forskarane som arbeidde på anlegga, familiane deira og støttepersonell. Dette var ein løynleg by (ZATO) som ikkje var avmerka på ålment tilgjengelege kart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Список воинских частей Астрахани и Астраханской области