Karabulak i Ingusjetia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karabulak
Карабулак
Plassering
Karabulak i Ingusjetia is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Ingusjetia
Bystatus 1995
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

35 073
Koordinatar 43°18′″N 44°54′″EKoordinatar: 43°18′″N 44°54′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 87244

Karabulak (russisk Карабулак) er ein by i Republikken Ingusjetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sunzja, ei sideelv til Terek, rundt 20 km nord for republikkhovudstaden Magas.

På staden der byen ligg i dag vart det på 1800-talet grunnlagd ein kosakk-stanitsa kalla Karabulakskaja. Han fekk bystatus i 1995.

I løpet av 1990-talet vart innbyggjartalet i byen meir enn tredobla som følgje av flyktningar som kom frå krigen i naborepublikken Tsjetsjenia.

Det ligg ein kjemisk fabrikk i Karabulak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.