Karachi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 24°51′36.00″N 67°00′36.01″E

Karachi
sindhi ڪراچي
urdu کراچی
Karachi downtown.jpeg
Styresmakter
Land
Pakistan
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2005)

11 mill.
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 021

Karachi er den største byen og den opphavlege hovudstaden i Pakistan. Han er også det økonomiske senteret, viktigaste hamnebyen og eit transportknutepunkt i landet. Byen er i dag provinshovudstad for Sind. Karachi ligg ved Det arabiske havet, like nordvest for Indusdeltaet.

Sidan grunnleggjinga av Pakistan i 1947 har byen vakse kraftig, særleg sidan rundt 2000. Tettstadområdet Karachi er det niande folkerikaste i verda.[1]

Folketalsutvikling i Karachi.
Suddar Bazaar under den britiske kolonitida.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Karachi var opphavleg eit fiskarsamfunn. Den moderne hamnebyen blei utvikla av britiske kolonistyresmakter på 1800-talet, etter at han kom under deira styre i 1843 og blei gjort til hovudstad i Sind. Utbygginga av hamna og bygging av jernbane herfrå og innover i landet førte til vekst.

Då Pakistan blei danna i 1947 blei Karachi vald til hovudstad, og fekk ei stor mengd tilflyttarar frå India av indiske muslimar, kjend som mohadjir. Folkeveksten fortsette også etter at hovudstaden blei flytta til Rawalpindi og seinare Islamabad i 1959.

Dominansen frå dei innflytta mohadjirane i byen førte til konfliktar med den opphavlege befolkninga av sindhiar. Eit kvotesystem frå 1974 reduserte talet på mohadjirar i offentleg sektor frå 33 til 20 prosent. I 1983 blei partiet Mohajir Quami Movement (MQM) danna ut frå ei studentrørsle mot diskriminering. MQM vann lokalvalet i byen i 1992, men blei avsett av den pakistanske regjeringa i 1993. Konflikten hadde forårsaka spreidd vald sidan 1980-talet; på midten av 1990-talet blei samanstøyta valdsamare og fleire tusen blei drepne.

Økonomi og transport[endre | endre wikiteksten]

Karachi er endepunkt for det pakistanske jernbanenett og har ei stor internasjonal lufthavn. Den pakistanske marineflåten har også hamn her.

Byen er handelssentrum i landet og har også mykje eigen industri, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sigarett-, sement-, elektro-, kjemisk og petrokjemisk industri.

Kultur og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Quaid-e-Azam, mausoleum for nasjonsgrunnleggjaren Jinnah.

Byggeskikken i Karachi er prega av britisk koloniarkitektur, som kjøpesenteret Empress Market, Saint Patrick's Cathedral og Cantonment Railway Station. Lokale interesser har reist bygningar i retro- og moderne muslimsk stil, som Mohatta Palace (1927), Tooba-moskeen (1969) og Quaid-e-Azam-mausoleet (1970). 2000-talet har sett fleire skyskraparprosjekt.

Karachi huser Nasjonalmuseet i Pakistan frå 1950, som har store arkeologiske og etnografiske samlingar. Universitetet i Karachi blei grunnlagd i 1951. Det medisinske fakultetet ved Aga Khan-universitetet ligg her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karachi
Spire Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.