Karadağ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karadağ
fjell
Land  Tyrkia
Provins provinsen Karaman
Fjellkjede Taurusfjella
Høgd 2 271 moh.
Koordinatar 37°23′58″N 33°8′49″E / 37.39944°N 33.14694°E / 37.39944; 33.14694
Kart
Karadağ
37°23′58″N 33°08′50″E / 37.3994°N 33.14711°E / 37.3994; 33.14711
Wikimedia Commons: Karadağ (Karaman)

Karadağ (tyder «Svartfjellet») er ein utdøydd vulkan i provinsen Karaman i Tyrkia.

Vulkankrater, som no er ei lavaslette, ligg om lag 25 km nord for Karaman med ei høgd på 1610 meter over havet. Toppen ligg 2,25 km aust for denne sletta på 2271 meter over havet. Sidan høgda på Karamanslettene kring fjellet ligg kring 1010 meter ovar het, ligg toppen av fjellet kring 1200 meter over sletta.

Fjellet har ei grov kjegleform med ei diameter på kring 15 km ved foten av fjellet.

Sidene av vulkanen har vore busett i lange tider.[1] Çatalhöyük (kring 7500 fvt.), ein av dei tidlegaste steinalderbusetnadane i Anatolia, ligg nordvest for vulkanen, og det er hitittiske inskripsjonar i åsane søraust for fjellet.[2] Det antikke Derbe, som er ein av byane som apostelen Paulus vitja, ligg i austsida av fjellet.[3] I den første tida til kristendomen , var byane i fjellet her religiøse senter. Ruinane av tidlege austromerske busetnader ligg kring heile fjellet og regionen vert kalla Binbirkilise, som tyder «tusen og ei kyrkje».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «History of the city». Karaman Belediyesi. 
  2. Lloyd, Seton (1998). Ancient Tyrkia(Trans: Ender Varinlioğlu) (på tyrkisk). Ankara: Tubitak Yayınları. s. 269. 
  3. Derbe, arkivert frå originalen 7. september 2009, henta 9. august 2012