Hopp til innhald

Karaffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glaskaraffel utformga av Olle Alberius.

Karaffel er ein flaskeliknande behaldar til skjenking av vin, brennevin, vatn eller saft. Ordet kjem frå persisk qarâbah.[1] Karaflar er gjerne laga av glas, men nemninga blir også brukt om tilsvarande kar av keramikk og plast. Karaflar er ofte dekorerte. I Noreg har ein laga karaflar av glas på glasverka på Nøstetangen, Hurdal, Gjøvik, Hadeland og Magnor.

Vinkaraffel

[endre | endre wikiteksten]

Vinkaraflar er skjenkekar for vin og brennevin. Vinkaraflar har gjerne rundt tverrsnitt med buka, sylinderforma eller konisk korpus, men forma kan variera, og tverrsnittet kan også vera firkanta eller sekskanta. Vinkaraflar har smal hals og oftast ein tilpassa propp. Vinkaraflar kan romma frå ca. 0,25 til 2,5 liter. Synonyme nemningar er: likørkaraffel, whiskykaraffel og ziratflaske.

Vasskaraffel

[endre | endre wikiteksten]

Vasskaraflar blir brukte til servering av vatn eller saft. Dei skil seg gjerne frå vinkaraflar ved at dei har ein vidare hals, og dei er gjerne litt større. Vasskaraflar har ikkje propp, men ofte høyrer det med eit drikkeglas som kan brukast som lokk. Vasskaraflar rommar gjerne omlag ein liter.

Skjemteflaske

[endre | endre wikiteksten]

Skjemteflaske er ein type karaflar til vin og brennevin som har ei uvanleg eller original form. Dei vanlegaste formene er hund (ofte kalla «fyllehund») eller gris (kalla «fyllesvin»). Andre kan vera forma som ein støvel, nisse, revolver eller penis og variasjonane er mange.

  1. Falk (1903) s.353

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karaffel