Ørkengaupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karakal)
Ørkengaupe
Ørkengaupe
Ørkengaupe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ørkengaupe
Utbreiinga av ørkengaupe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Felinae
Slekt: Caracal
Art: Ørkengaupe C. caracal
Vitskapleg namn
Caracal caracal

Ørkengaupe eller karakal (Caracal caracal) er eit mellomstort kattedyr i Caracal-slekta. Ho er nært i slekt med afrikagullkatt og serval. Karakalen lever i turt og halvturt klima på stepper og i ørken i store delar av Afrika, Midtausten og vestlege delar av Asia. Ordet «karakal» kjem gjennom fransk frå tyrkisk kara kulak som tyder 'svart øyra'.

Ørkengaupe i Serengeti.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ørkengaupe i National Zoo i Washington.

Ørkengaupe minner om gaupe, men er slankare og har lengre bein og øyro. Pelsen er einsfarga raudbrun til gulgrå. Augo er gulbrune med rund pupill. Kroppslengda er 55–57 cm med ein hale på 22 cm. Skulderhøgda er 40–45 cm og vekta 16–23 kg. Gaupa lever av små pattedyr, fuglar og kalvar av hjortedyr. Ho er mest aktiv ved skumring og demring, men kan òg jakta om dagen og natta.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

  • C. c. algira
  • C. c. caracal
  • C. c. damarensis
  • C. c. limpopoensis
  • C. c. lucani
  • C. c. michaelis
  • C. c. nubicus
  • C. c. poecilictis
  • C. c. schmitzi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«ørkengaupe» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ørkengaupe