Karakalpakstan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karakalpakstan
Qaraqalpaqstan Respublikası
Karakalpakstan

Flagg

Kart over Karakalpakstan

LandFlag of Uzbekistan.svg Usbekistan
StatusAutonom republikk
Areal160 000 km²
Folketal1,817,500 (2017)
Høgd over havet41 meter
Plassering

Karakalpakstan
43°10′0″ N 58°45′0″ E

Karakalpakstan er ein sjølvstyrt region vest i Usbekistan. Næringslivet består av produksjon og eksport av bomull. Hovudstaden i regionen er Nukus, som ligg ved Aralsjøen.

Området har namn etter karakalpak-talande karakalpakfolk. Dette namnet er sett saman av 'kara', som tyder 'svart', og kalpak, 'hatt' eller 'lue'.[1] Sisteleddet -stan tyder 'land'.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gutar ved ein stranda båt ved Moynaq.

Karakalpakstan ligg i den nedste delen av Amu-Darja-bekkenet, og er no for det meste ørken.[2][3][4] Det har ein flatevidd på 164 900 km²[5] Regionen er også omgjeven av ørkenar, Kyzylkum i aust og Karakum i sør. I vest strekkjer eit steinete platå seg mot Kaspihavet.[6]

Folketalet i Karakalpakstan er estimert til rundt 1,7 millionar.[7] I 2007 blei det estimert at rundt 400 000 av dei var karakalpakfolk, 400 000 usbekarar og 300 000 kasakhar.[8] Språket karakalpak er rekna som nærare kazakhisk enn usbekisk.[9] Språket blei skrive med modifiserte kyrilliske bokstavar i sovjettida, og har blitt skirve med latinske bokstavar sidan 1996.

I tillegg til Nukus er andre større byar Xojeli (Ходжейли), Taxiatosh (Тахиаташ), Shimbai (Шымбай), Konirat (Қоңырат) og Moynaq (Муйнак), ein tidlegare hamneby ved Aralsjøen som no ligg på tørt land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Karakalpakstan dekkjer oldtidsriket Khwarezm, men er omtalt i klassisk persisk litteratur som Kāt (کات). Mellom rundt 500 f.Kr. og 500 e.Kr. omfatta området eit frodig jordbruksland ved hjelp av omfattande kunstig vatning.[6] Karakalpakfolk som levde som nomadiske gjetarar og fiskarar blei først omtalte på 1500-talet.[8]

Karakalpakstan blei avstått frå Khiva-khanatet til Tsar-Russland i 1873.[10] Regionen blei skipa av Sovjetunionen i 1925.[11] Under Sovjetunionen var det eit sjølvstyrt område innan Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken før det blei del av Usbekistan i 1936.[12]

På grunn av den store minskinga av Aralsjøen er Karakalpakstan no ein av dei fattigaste delane av Usbekistan.[8] Regionen lir av tørke, dels grunna vêrmønster men også i stor grad fordi vatnet i Amu og Syr-Darja for det meste blir brukt opp aust i landet. Feilslåtte avlingar har ført til at 48/nbsp;000 folk har mista hovudinntektskjelda si, og mangel på reint drikkevatn har ført til ei oppblomstring av infeksjonssjukdommar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  2. Batalden, Stephen K.; Batalden, Sandra L. (1997). The newly independent states of Eurasia: handbook of former Soviet republics. Greenwood Publishing Group. s. 187. ISBN 0-89774-940-5. Henta 3. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 Thomas, Troy S.; Kiser, Stephen D.; Casebeer, William D. (2005). Warlords rising: confronting violent non-state actors. Lexington Books. s. 30, 147–148. ISBN 0-7391-1190-6. Henta 3. mars 2012. 
  4. Merkel, Broder; Schipek, Mandy (2011). The New Uranium Mining Boom: Challenge and Lessons Learned. Springer. s. 128. ISBN 3642221211. Henta 7. juni 2012. 
  5. Roeder, Philip G. (2007). Where nation-states come from: institutional change in the age of nationalism. Princeton University Press. s. 55, 67. ISBN 0-691-13467-7. Henta 3. mars 2012. 
  6. 6,0 6,1 Bolton, Roy (2009). Russian Orientalism: Central Asia and the Caucasus. Sphinx Fine Art. s. 54. ISBN 1-907200-00-2. Henta 3. mars 2012. 
  7. The State Committee of the Republic of Uzbekistan on Statistics Arkivert 2012-07-15 ved Archive.is
  8. 8,0 8,1 8,2 Mayhew, Bradley (2007). Central Asia: Kazakhstan, Tajikistan, Uzbekistan, Kyrgyzstan, Turkmenistan. Lonely Planet. s. 258. ISBN 1-74104-614-9. Henta 3. mars 2012. 
  9. Karakalpakstan: Uzbekistan’s latent conflict Arkivert 4. mars 2016 ved Wayback Machine., 6. januar 2012
  10. Richardson, David; Richardson, Sue (2012). Qaraqalpaqs of the Aral Delta. Prestel Verlag. s. 68. ISBN 978-3-7913-4738-7. 
  11. «The Qaraqalpaqs», www.qaraqalpaq.com, henta 15. mai 2020 
  12. Europa Publications Limited (2002). Eastern Europe, Russia and Central Asia. Taylor & Francis. s. 536. ISBN 1-85743-137-5. Henta 3. mars 2012.