Karakulsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaksen karakulsau.
Eit lam av karakulsau.

Karakulsau er ein sauerase som opphavleg kjem frå Sentral-Asia/sørvestlege Asia, men som no finst i mange delar av verda, særleg i det sørvestlege Afrika. Karakulsauen er ein såkalla feitthalesau eller tjukkhalesau. Dyra har ein brei hale der det er lagra ein næringsreserve som hjelper dei til å overleve under ekstreme tilhøve. Slik kan dei leve i område der temparaturen kan variere mellom 50 varmegradar C til 40 kuldegradar C. Karakulsauen kan dessutan gjere seg nytte av det salte vatnet som finst på steppene i Usbekistan.

Karakulsauen er kjend for at skinnet av nyfødde lam vert nytta som pelsverk, såkalla persianar. Når skinnet kjem frå foster som er aborterte av naturlege årsaker (abortar skjer etter måten ofte på grunn av dei karrige tilhøva desse dyra lever under), vert skinnet gjerne kalla Breitschwanz. Lammepelsen er til vanleg svart, men det finst òg til tider lam i ulike nyansar av gråbrunt, og i særsynte høve jamvel kvite. Dei vaksne sauene er grå. Søyene vert ofte nytta som mjølkedyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Karakulsau