Karamell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For karamell som fargestoff, sjå sukkerkulør.
Ein karamell som eit innpakka stykke godteri

Karamell er ein masse av sukker som er varma opp til 160–200 °C og kjølt ned att. Denne prosessen er kalla for karamellisering. Karamellen er mørkebrun i fargen, og kan variera frå seig til sprø i konsistensen. Det kan tilsetjast ulike ingrediensar som fløyte, nøtter og frukt. Karamellar kan også vera fylte, eller fungera som ingrediens i andre matvarer, som sjokolade, kaker og liknande.[1]

Karamell er også namnet på eit fargestoff som kan brukast i næringsmiddelindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «karamell». Nynorskordboka. Henta 22. februar 2019.