Karangahake Gorge

Koordinatar: 37°25′25″S 175°43′32″E / 37.423676°S 175.725514°E / -37.423676; 175.725514
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

37°25′25″S 175°43′32″E / 37.423676°S 175.725514°E / -37.423676; 175.725514

Karangahake Gorge
fjellpass
Land  New Zealand
Kart
Karangahake Gorge
37°25′25″S 175°43′34″E / 37.4237°S 175.726°E / -37.4237; 175.726
Wikimedia Commons: Karangahake Gorge
Vestenden av Karangahake-passet.

Karangahake Gorge (Karangahake-passet eller Karangahake-slukta) dannar ei naturleg grense mellom fjellrekkjene Coromandel Range og Kaimai Ranges ved den sørlege enden av CoromandelhalvøyaNordøyaNew Zealand. Den for ein del tronge og svært snodde slukta vart danna av elva Ohinemuri River som har grave seg ned gjennom berget. Dette er staden der det første gull-rusjet på Coromandel fann stad, i 1875.[1]

Karanga-hake tyder på maorispråk 'varselrop frå den andre sida'. Bakgrunnen for dette skal vera at maorifolk som heldt til i slukta ofte var utsette for åtak frå maorigrupper austfrå, og dei varsla kvarandre om at fienden kom ved å slå på innhole trestammar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Den 21 kilometer lange Karangahake Gorge gir eit direkte samband mellom byane Paeroa og Waihi, og riksvegen State Highway 2 går gjennom passet. Fram til 1979 gjekk ei jarnvegslinje også gjennom slukta, den dåverande East Coast Main Trunk Railway, mellom Paeroa og Tauranga. Mellom Waikino og Waihi er banen teken vare på som ein museums- og veterantogbane, Goldfields Railway, seks km lang. Avsnittet mellom Paeroa og Waikino utgjer i dag fotturruta Karangahake Gorge Historic Walkway.

Gangbrua i Karangahake Gorge.

Karangahake Gorge Historic Walkway[endre | endre wikiteksten]

Karangahake Gorge Historic Walkway er ein turveg mellom busetnadane Karangahake og Waikino og går gjennom Karangahake Gorge. Etter at jarnvegen vart lagt ned, vart skjenegangen fjerna og banelekamen gjort om til gangveg. Den kring 1 100 meter lange tidlegare jarnvegstunellen er no opplyst og kan nyttast av fotturistar. Vegen fører forbi talrike interessante historiske stadar, særleg slike som peikar på utvinninga av gull i tida mellom 1870 og 1950.

Opplevingar langs langs Karangahake Gorge Historic Walkway:

  • Vandring og klatring
  • Mountainbikeaktivitetar
  • Vitjing av interessante historiske stadar
  • Fisking
  • Symjing
  • Kanopadling og «White water»-rafting
  • Tilgjenge til talrike picknickstader
  • Tur med museumsbanen
  • Leiting etter edelsteinar

Gangvegen vert vedlikehalden av Department of Conservation (Miljøverndepartementet, DOC).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (September 2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York, London, Delhi: Rough Guides. s. 397. ISBN 1-84353-679-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]