Karate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg radioprogrammet Karate

Karate (japansk 空手, karate eller 空手道, karate-dō) er ein kampkunst utvikla av ulike kampmetodar frå øygruppa Ryūkyū, Kina og Japan. Slag, spark, olbogestøyt og knestøyt er i hovudsak teknikkane ein nyttar, men det er også svært viktig med blokkeringsteknikkar for å avverge åtak frå motparten. Låse- og kasteteknikkar kan også førekoma. Ein nyttar oftast ikkje våpen i karate.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Karate i noverande form utvikla seg på øygruppa Ryūkyū, spesielt på hovudøya Okinawa. Denne øygruppa ligg ca 500 km sør for Japan mellom Sør-Kinahavet og Stillehavet. I dag høyrer Okinawa til Japan, men på 1300-talet var øyriket uavhengig og hadde handelskontakt med Japan, Kinaog Korea. Øyriket vart såleis eit møtepunkt mellom kulturane.

Karate vart først forbode i Japan på grunn av den dødelege effekten. Seinare fekk tilpassa karatetrening innpass i landet, og spreidde seg raskt kring 1900. Karatekunsten nådde også USA via Hawaii. Seinare kom karate også til Europa.

Ordet «karate» var opphavleg sett saman av to skriftteikn som tyder «kinesisk hand». På grunn av japansk nasjonalisem på starten av 1900-talet tok ein til å byte ut skriftteiknet for «kinesisk» med skriftteiknet for «tom». Desse to skriftteikna uttalast likt. Den nye nemninga vart då «tom hand» - noko som reflekterer fråveret av våpen.

Stilartar[endre | endre wikiteksten]

Den japanske karaten er i dag delt i fire store stilretningar:

  • Gōjūryū
  • Shōtōkan
  • Shitōryū
  • Wadōryū

Desse er tufta på to okinawiske stilretningar:

  • Shoreiryū
  • Shorinryū

Fleire små nye stilretningar er utspring frå desse seks stilretningane.

Gradering og påkledning[endre | endre wikiteksten]

I dag er påkledningen i karate ei kvit bukse og ei kvit jakke snørt fast med eit belte. Kleda er laga i bomull. Tøyet er sterkt, men likevel ikkje så tjukt vove som stoffet nytta i judodrakter. Den japanske nasjonalismen på starten av 1900-talet ligg mykje til grunn for den einsarta påkledningen.

Etter kvart som ein forbetrar seg i karatekunsten, stig ein i gradene. Det mest brukte graderingssystemet har 9 elevgrader, kyū og 10 meistargrader dan. Ein startar med 9 kyū og går oppover til 1. kyū, deretter kan ein bli meister med 1. dan. Dei høgste dan-gradene er æresgrader.

Elevane nyttar tradisjnelt kvitt belte, medan meistarane nyttar svart belte. Kring 1900 tok ein i Europa til å nytte ulike fargar på belta i elevgradane for å gjere utviklinga meir synleg. Den mest vanlege fargeskalaen er: 9. kyū kvit, 8. kyū gul, 7. kyū oransj, 6. kyū grøn, 5. kyū blå, 4. kyū fiolett, 3./2./1. kyū brun, dan svart. Fargene kan variere noko, spesielt rekkefølgjen på blå og fiolett.

Trening[endre | endre wikiteksten]

Respekt og etikette er viktige element i treninga som alltid starar med bukking. Trening på denne etiketten heiter dojo kun. Staden treninga skjer på heiter dojo. Treninga er sett saman av tre hovudelement, Kihon, kata og kumite, som er omtalt nedanfor.

Kihon (grunntrening av teknikk)[endre | endre wikiteksten]

Her tenar ein på grunnleggjande teknikkar som stillingar, blokkering, slag og spark. Likevekt er eit prinsipp som går igjen. Det er viktig å kunne utøve slag og spark til alle retningar frå ulike stillingar.

Kata (sekvensar av teknikk)[endre | endre wikiteksten]

Dette er trening på ein sekvens med teknikkar. Det er viktig å utføre teknikkane raskt og presist. Nokre av sekvensane er lange og komplekse. Mønstera er prinsipp til bruk for kamp og gjenspeglar ulike typar åtak og forsvar under ideelle forhold.

Kumite (kamp)[endre | endre wikiteksten]

Kumite tyder eigentleg «hender møtes» og er kampøving som kan arte seg på ymse vis. Kampen kan fylgje eit fastsett mønster eller ein kan ha ein fri kamp. I dag vert kumite trena både som sjlvforsvarsmetode og som sport. I sport får ein gjerne poeng når ein markerer eit slag eller spark. Det varierer elles kor hard den fysisk kontakten er, alt frå ingen kontakt til full kontakt, då vanlegvis med verneutstyr. Alt etter stilart kan det også inngå å leggje motstandaren i bakken. Det finst også kamp med våpen (kobudō kata).

Sport[endre | endre wikiteksten]

Ein konkurrerer i tre disiplinar: kumite (teknikksekvensar), kata (kamp) og kobudō kata (kamp med våpen). Det er både individuelle og lagvise konkurranser. Kumite-kampar er som regel delt etter vekt, alder, kjønn og nivå. Kumite vert dømt av ein hovuddommar som vanlegvis har hjelpedommarar på sida. Kata og kobudō kata vert dømt av eit dommarpanel.

Det internasjonale World Karate Federation (WKF) standardiserer og vedtek regelverk for konkurranse. WKF godtek bere éin nasjonal organisasjon per nasjon. Det finst andre regionale, nasjonale og internasjonale organisasjonar som held konkurransar. Desse har tilbod om å slutte seg til World Union of Karate-do Organizations (WUKO) utan å måtte vike frå den stilen dei står for.

WFK har fått ansvaret for karate som olympisk sport av International Olympic Committee (IOC) som igjen er ansvarlege for dei olymiske leikane (OL). Sidan karate ikkje fekk retteleg 2/3 majoritet av røystene under avstemminga i juli 2005, vert førebels ikkje karate ein olympisk sport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karate