Karbonsyreanhydrase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Banddiagram av eit karbonsyreanhydrasemolekyl

Karbonsyreanhydrase eller kolsyreanhydrase er eit enzym som katalyserer opprettinga av ei jamvekt mellom karbondioksid og vatn til hydrogenkarbonat. Karbonsyreanhydrase er eit av dei mest aktive enzyma som er kjent.

Kvart enzymmolekyl reagerer med 100 000 karbondioksidmolekyl per sekund. Karbonsyreanhydrase syrgjer for at opptaket av CO2 i veva og utskiljinga av CO2 i lungene går snøgt nok. Det tek òg del i utskiljinga av syre i nyrene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]