Kardala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°22′45.32″N 35°29′31.63″E
Kardala
كردلة
kommune
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°22′45.32″N 35°29′31.63″E
Folketal 160 (2006)

Kardala
32°22′45″ N 35°29′32″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

Kardala (arabisk كردلة) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Tubas ved Bardala i vest og Ein al-Beida i aust. Han hadde eit folketal på 160 innbyggjarar i 2006. Han ligg aust i den nordlege Jordandalen på ei frodig slette. Han ligg 99 meter under havnivå.[1]

Kardala vart grunnlagd i 1930-åra. Grunnleggjarane var medlemmar av Daraghmah-klanen frå Tubas som arbeidde som bønder og heldt dyr. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, flytta A’Hashah-familien frå Gazaområdet hit som palestinske flyktningar. Trass i at han var under folketalsgrensa, vart Kardala styrt som ein landsbykommune.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kardala Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]