Giulio Alberoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kardinal Alberoni)
Giulio Alberoni

Statsborgarskap Spania
Fødd 21. mai 1664
Fiorenzuola d’Arda
Død

26. juni 1752 (88 år)
Piacenza

Yrke politikar, katolsk prest, diplomat, katolsk biskop
Språk spansk, italiensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Giulio Alberoni på Commons

Giulio Alberoni (fødd 21. mai 1644 i Fiorenzuola d'Arda, provinsen Piacenza i Italia, død 26. juni 1752 i Piacenza) var ein italiensk kardinal, diplomat og statsmann. Han tenestegjorde i hoffet til Filip V av Spania.

Alberoni var son av ein gartnar i Piacenza, då hertugdømet Parma var styrt av familien Farnese. Han kom i kyrkja si teneste, men vart send i 1702 som ein hemmeleg parmesansk agent til Ludvig Josef av Vendôme, den franske øvstkommanderande i Italia under den spanske arvefølgjekrigen for å forsvare interessene til Farnese i Frankrike. Alberoni vann favøren til Vendôme, vart hos han i årevis, og følgde han til slutt til Spania. Her vart han den offisielle parmesansk ministeren og hadde ein sterk påverknad av gemalinna til Filip V, Maria Lovise av Savoie, som fullstendig dominerte han. Etter ho døydde fekk Alberoni Filip til å gifte seg med Elizabeth Farnese (1714), som nesten like etter vart den eigentlege herskaren av Spania med Alberoni som premierminister, utan at han formelt gjekk i spansk teneste. Alberoni utvikla ei utruleg verksemd og synte store administrative evner, trekte Spania opp av forfallet, forbetra økonomien, og skapte ein hær og ein marine. Styrkane til Spania vart nytta til å frigjere Italia frå makta til keisaren og skaffe makt for sønene til Elizabeth. Farnes var utolmodig og fordi keisarane hadde planar om å ta Sicilia, vart Aleroni tvungen til å gå til åtak tidleg. Midt under krigen mellom Austerrike og Det osmanske riket, erobra ein spansk flåte Sardinia, til stor ergring for paven, som kort tid før hadde gjort Aleroni til kardinal. Storbritannia var uroa over denne nye spanske sjømakta, og i lag med Frankrike, som var irritert på grunn av Filip sitt krav på trona, Nederland og keisaren danna dei ein kvadrupelalianse, som danna grunnlaget for kvadrupelalliansekrigen. Når forsøk på å danne ein motallianse mislukkast - sjølv med Karl XII av Sverige hadde opna relasjonar - var spelet var tapt. Alberoni vart gjort til syndebukk, vart styrta av Farnese (1719) og vart av paven stilt for retten for samarbeid med dei vantro. Eit paveskifte redda han og han vart frikjend, og levde stort sett i fred i Roma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]