Karelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Республика Карелия
Karjalan tazavaldu  
Karelia sitt flagg
Karelia sitt våpen
Karelia sitt flagg Karelia sitt våpen
Karelia på kartet over Russland
Hovudstad Petrozavodsk
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 21.

172 400 km²
18

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 67.

ca. 645 200[1] (2010)
ca. 3,74/km²

Føderalt distrikt Nordvestlege
Økonomisk region Nordlege
Regionsnummer 10
Offisielt språk Russisk
President Aleksandr Hudilainen
Nasjonalsong Republikken Karelias hymne (Gimn Respubliki Karelija), (Karjalan Tasavallan hymni)
Tidssone UTC +0300

Karelia, (russisk språk: Респубилка Карелия (Respublika Karelija), karelsk språk: Karjalan tazavaldu, finsk språk: Karjalan tasavalta, vepsisk språk: Karjalan tazovaldkund) er ein russisk republikk nordvest i Russland. Karelia er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Republikken Karelia er den austlege delen av det historiske landskapet Karelen, og vert nokre gonger kalla Aust-Karelen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Vuokkiniemi i republikken Karelia

Republikken ligg nordvest i Russland, og grensar til Finland i vest. I nordaust han han kystlinje til Kvitsjøen. I aust ligg innsjøen Onega, og i sør Ladoga, den største innsjøen i Europa. Det høgaste punktet er fjellet Manselkja, 580 meter over havet. Ved kysten til Kvitsjøen er det mange bukter og viker. Det finst mange sjøar, elvar og myrar i republikken. Dei største elvane er Kem, Vyg, Keret, Vodla, Suna og Sjuja. Desse elvane er relativt korte, men har stor vassføring, og mange fossar og stryk. Heile 18 % av territoriet til republikken består av innsjøar, hovudsakleg delar av dei store innsjøane Onega og Ladoga. Myrarealet utgjer òg om lag 18 %. Om lag halvparten av arealet er skogkledd. Middeltemperaturen i januar er - 12 grader celsius, i juli 15 grader celsius.

Det karelske neset, som vart avstått av Finland til Sovjetunionen i 1940, høyrer ikkje til republikken Karelen, men han omfattar andre område som òg vart avstått av Finland då.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I 2010 var den etniske samansetninga av befolkninga:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen låg Karelen i utkanten av innflytelsessfæren til fyrstedømet Novgorod. På 1200-talet kom delar av området under svensk kontroll. I 1478 vart Novgorod underlagt fyrstedømet Moskva, forløparen til det russiske imperiet, og Karelen vart svensk-russisk grenseland. I 1784 vart Petrozavodsk sentrum for ein eigen russisk provins.

Under den russiske revolusjonen tok bolsjevikane kontroll over området i april 1918, men den same somaren kom dei nordlega delane under kontroll av utanlandske intervensjonsstyrkar, frå Finland, USA, Storbritannia og Frankrike. Intervensjonsstyrkane trekte seg ut i 1920 og området kom igjen under sovjetisk kontroll.

Den 25. juli 1923 vart Den karelske autonome sovjetrepublikken etablert, underlagt Den russiske føderasjonen. Etter Vinterkrigen, den 31. mars 1940, vart Karelen ein eigen sovjetrepublikk Den karelsk-finske sosialistiske sovjetrepublikken (finsk Karjalais-Suomalainen Sosialistinen neuvostotasavalta). Det karelske neset vart innlemma i denne republikken. Under den andre verdskrigen vart store delar av republikken okkupert av Finland, i det som vert kalla den finske framhaldskrigen. Etter krigen vart Det karelske neset overført til Leningrad oblast. Karelia hadde status som sovjetrepublikk til den 16. juli 1956, då han vart innlemma i Den russiske føderasjonen att som ein autonom republikk, og ordet "finsk" vart fjerna frå namnet.

Frå 1991 er republikken Karelia eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karelia
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.