Kim Friele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karen-Christine Friele)
Kim Friele

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1935
Fana
Død

22. november 2021 (86 år)

Yrke forfattar, LHBT-aktivist
Politisk parti Arbeidarpartiet
Sjanger homolitteratur
Medlem av Det norske forbundet av 1948, Homonettverket
Ektefelle Wenche Lowzow, Ole Friele
Kim Friele på Commons

Karen-Christine Friele, kjend som Kim Friele (27. mai 193522. november 2021), var ein norsk forfattar og aktivist som arbeidde gjennom mange år for homofile sine rettar.

Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Friele var fødd i Fana i Bergen. Friele studerte språk ved mellom anna University of Cambridge, og jobba frå 1958 til 1971 som sekretær ved Opplysningskontoret for forsikring i Oslo. 8. august 1959 gifta ho seg med advokat Ole Friele jr. Dei vart skilde i 1961.

I Oslo vart Friele ein del av det den gong svært lukka homoorganisasjonen Det norske forbundet av 1948, der ho var leiar i perioden 1966-1971, og tilsett som generalsekretær fram til 1989. Frieles arbeid var sterkt medverkande til at straffeloven § 213 som kriminaliserte homoseksuelle handlingar mellom menn, vart oppheva i 1972, at «homofili» vart fjerna som psykiatrisk diagnose i 1978, og at Noreg i 1981 utvida straffelovens paragrafer mot rasisme (§§ 135a og 349a) til også å gjelde diskriminering i samband med seksuell legning.

Då Noreg i 1993 innførte ei lovgivning som regulerte registrert partnarskap for personar av same kjønn, var Friele og partnaren hennar gjennom mange år, Wenche Lowzow, eit av de første para som inngjekk partnarskap.

Kunst og heider[endre | endre wikiteksten]

22. juni 2005, i samband med Europride-festivalen, vart ein byste av ho avduka på Rådhusplassen i Oslo. Bysta er laget av bilethoggaren Nina Sundby, og er plassert inne på Deichmanske bibliotek.

Kim Friele vart 28. mars 2008 utnemnd til æresmedlem i Arbeidarpartiet. Friele mottok Fritt Ord-prisen i 1978, med grunngjevinga «for innsatsen hennar for å skape forståing for dei homofile sin situasjon». I 2009 hevda ho at ho vil levere prisen attende i protest mot at filosofen Nina Karin Monsen vart tildelt Fritt Ord-prisen same året, og omtalte prispengane som «judaspengane».[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ingen andre prisvinnere støtter Friele. Dagbladet 25.04.09.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]