Karen Bit Vejle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Bit Vejle

Pseudonym Bit
Statsborgarskap Danmark, Noreg
Fødd 5. juni 1958 (65 år)
Ejby
Yrke designar, kunstnar
Karen Bit Vejle på Commons

Karen Bit Vejle (fødd 5. juni 1958) er ein dansk-norsk kunstnar. Ho brukar berre mellomnamnet «Bit» som signatur på verka og produkta sine. Vejle vart fødd i Ejby i Danmark. Ho var busett i Trondheim frå 1984 fram til 2014. Då flytta ho attende til Danmark.

Vejle skapar hovudsakleg bilete av papir ved å klippa mønster og motiv. Dette vert kalla psaligrafi. Eit psaligrafisk verk er forma av eit stort samanhengande stykke papir og er klipt utelukkande med saks.

Vejle har oppdrag og utstillingar i Norden, Europa, USA og Asia. London-galleriet Adrian Sassoon er hovudforhandlar av verka hennar. Rundt 2010 starta ho eit kunstnarisk samarbeid, «Paper dialogues», saman med den kinesiske papirkunstnaren Xiaoguang Qiao. Samarbeidet resulterte i ei utstilling som har vore utstilt i fleire land. Med utgangspunkt i papirklippa mønster har ho òg designa andre produkt, som pledd, dukar og diverse servise.

« Det er mye humor i Karen Bit Vejles billedverden, humor og evnen til å se gleden i de små tingene. Bildene hennes er fengslende forundringspakker. Men like ofte fanger hun ettertrykkelig alvor og temaer ment for engasjement og refleksjon. »

—S. Guttormsen[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Danskane har tradisjon for å klippa dekorasjonar av papir til jul og senda vers og helsingar på mønsterklippa papir, såkalla gækkebrev, til påske. Karen Bit Vejle har klipt i papir sidan ho var lita, men då først og fremst i samband med desse høgtidene.

Då Vejle var 16 år gammal, fekk ho sjå ein mann som klipte silhuettar i papir. Ho vart så inspirert at ho straks gjekk heim og byrja å klippa sjølv.[2] Sidan klipte ho nesten dagleg, først for å oppøve teknikken til ho meistra dei symmetriske klippa som kjem ved at ein brettar og klipper. Deretter vidareutvikla ho sine klipp med asymmetriske motiv, i tillegg til dei symmetriske ornamenta og mønstra.

I mange år var papirklippinga ei fritidssysselsetjing (hobby). Først då ho byrja å studere nordiske språk og massekommunikasjon ved Aalborg Universitet, og seinare då ho arbeidde ved Ringve Museum og deretter som prosjektleiar og journalist i NRK.

I 2006 fekk ho diagnosen kronisk utmattingsyndrom (ME).[3] Ho måtte slutta i stillinga si i NRK, men kunne etter ei tid ta igjen opp sitt psaligrafiske arbeid, sidan dette arbeidet kan utførast i hennar eige tempo, med innlagt naudsynt kvile.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Verken til bit Sjostakovitsj' 1. pianotrio opus 8, 5x1,05 m. Bestillingsverk til Vinterfestspela i Bergstaden, 2008.
Foto: Helle S. Andersen

Bit vidareførar ein tradisjon. Teknikken ho brukar var på 1700-talet viktig i silhuett-portrettframstilling, og ein kunst som blant anna H.C. Andersen var utøvar av. Som i hans tilfelle finst det alltid ei historie i Bit sine psaligrafiske verk.[4][5] I 2009 var ho invitert til å halde ei utstilling i museet H.C. Andersens Hus i Odense.[6]

Dei tidlegaste arbeida og prosjekta hennar var prega av eit ynskje om å utforska matematikken til ornamentikken. Dei seinare arbeida hennar er i høgare grad motivert ut frå eit kontemplativt perspektiv.[1]

I 2007 vart ho nominert til fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag.

I 2008 hadde Vejle si første separatutstilling i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Der viste ho 69 klipp, skapt over 25 år. Klippa vakte oppsikt. Over 7000 menneske såg utstillinga hennar.[7]

I åra etter debututstillinga har Vejle arbeidd innanfor to ulike kunstnariske felt. Det kunstnariske mediumet hennar er enno 20-grams papir, og verktøyet hennar er saks. Hovudvekta er, som tidlegare, på psaligrafiske verk (unika); men ho utviklar òg motiv og mønster for kommersielle produkt, der den karakteristiske klippen hennar er overført til andre materiale. Uansett sluttprodukt skapar og klipper ho alltid originalmotivet sjølv.

I 2013 var ho årets olsokkunstnar under Olsokdagane på Stiklestad.[8] Her stilte Vejle for første gong ut verket St. Olav, saman med rundt 40 andre originale papirklipp. Verket av St. Olav er 72 cm breitt og 115 cm høgt, og viser Olav den heilage både som vikingkonge og helgen.[9]

I 2015 utforma ho kunstverket som vert gjeve til mottakarar av Trondheim kommune sin mangfaldpris. Prisen består av ti psaligrafiske blad som er kopiar av originalklippa til Bit. Blada er unike, kvar for seg, med ulikt fargeval på detaljar. Alle blada er signerte og nummererte.

Seinare har Vejle hatt fleire større oppdrag, prosjekt og utstillingar. Nokre av dei er skildra nedanfor. Ho er òg kome inn i kunsthandlar Adrian Sassoons internasjonale stall av kunstnarar og har stilla ut i Gallery Adrian Sassoon.[10]

TINDEFILM har laga ein dokumentarfilm om Vejle.[11] I 2015 vart BIT – Ballerina Bulldog nominert til årets beste dokumentarfilm ved BIFF.[12]

Psaligrafiske verk[endre | endre wikiteksten]

Då Britannia Hotel i Trondheim feira 120-årsjubileum i 2007, hadde dei bestilt eit verk av Vejle. Ho laga eit 185 cm x 150 cm papirklipp som visar historia til hotellet. I 2008 var ho festspelkunstnar ved Vinterfestspela i Bergstaden. Det fem meter lange og ein meter høge Sjostakovitsj' 1. pianotrio opus 8 vart laga til dette høvet.

Vejle har utført store utsmykkingsoppdrag Trondheim kommune, Hilton Copenhagen Airport Hotel og for motehuset Hermès.[13] Ho har også laga fleire større utstillingar for andre større kundar.

Hausten 2015 leverte Vejle ei klipt altertavle til den nye kyrkja ved Sverresborg kyrkjesenter i Trondheim. Tavla er 200 cm brei og 300 cm høg. Ho er montert mellom glasplater og vert lyssett slik at altertavla kan brukast i ulike samanhengar.[14][15]

Ballerina Bulldog[endre | endre wikiteksten]

Ballerina Bulldog utstilt på Jamtli i Östersund, mai 2015
Foto: Kj. Lie

Ein viktig figur i Vejles kunst er «Ballerina Bulldog», ein tilsynelatande sart, men sterk ballerina. Målsetninga med Ballerina Bulldog-konseptet er å framkalla refleksjon over vår eigen indre styrke og auka medvitet om ansvaret vi har for eigne livsvalg.[16] Konseptet er basert på Søren Kierkegaard sin filosofi:[17]

« Den danske filosofen Søren Kierkegaard har sagt at når vi går på livsveien, kommer vi til et punkt der den deler seg i to. Vi må velge, og så går vi videre. Og når vi har gått et stykke, deler veien seg igjen og vi kan ta et nytt og kanskje klokere valg. Det er det vidunderlige. »

—Karen Bit Vejle til Bergens Tidende[18]

Ballerina Bulldog fanst opphavleg i 25 papirklipp, laga i 2011. Ho vert framstilt med ulike attributt, av kunstnaren kalla «power tools». Desse reiskapane skal symbolisera hennar indre styrke, og visa korleis ho tek grep og kontroll over eige liv når ho brukar dei for å slost for rettferd, vennleik og glede. Nokre døme på power tools er «låsen» – for å minna ho på at samhald og lojalitet gjev styrke; «sommarfuglen» – for å minna ho på at ho alltid kan forandra seg, og «humla» – det umoglege er alltid mogleg, berre du vil det nok.[19]

Konseptet er utvikla i seinare tid. Ballerina Bulldog vert ofte framstilt på utstillingsopningar av ein levande ballerina som opptrer med ein bulldog ved si side, og det er laga ein animasjonsfilm om ho.[20]

Utstillingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

« Det er to grunnleggende forskjeller på maleri og papirklipp, eller psaligrafi, som det også ­kalles. Den ene er at når jeg lyssetter papirbildene, blir skyggene de skaper en del av kunstverket. Den andre forskjellen er at hvis en maler gjør en feil, kan han male over den. Hvis jeg klipper feil, er hele verket ødelagt og jeg må starte forfra igjen. Nøyaktigheten er også viktig. Det handler om brøkdeler av en millimeter for at figurene skal bli riktige. »

—Karen Bit Vejle[18]

Debututstillinga, Med saksen som pensel, er sidan 2008 vist i fleire museum og galleri i Norden og USA, der ho har hatt tittelen Scissors for a brush. Nokre av utstillingsstadane er lista nedanfor. Utstillingane er ikkje identiske. Talet på verk er sameleis, men kunstnaren gjer utskiftingar med nye klipp undervegs, slik at det alltid er forskjell.[21]

Vejle har delteke på fleire gruppeutstillingar, blant anna utstillinga Slow art ved Nationalmuseum i Stockholm (som gjekk frå mai 2012–februar 2013).[28]

Paper dialogues[endre | endre wikiteksten]

Rundt 2010 starta «Paper dialogues», eit kunstnerisk samarbeid, ein dialog, mellom den kinesiske papirkunstnaren Xiaoguang Qiao og Karen Bit Vejle.[29] Kunstnarane har svært ulike uttrykksformer, men arbeidde fram mot ei felles utstilling, der begge visar sine unike papirklipp i store format. Eit hovudtema i verka dei skapte, var draken i både kinesisk og norsk kultur og ornamentikk. Utstillinga vart først vist i Beijing hausten 2014, deretter i Shanghai same haust. Våren 2015 kom den til Noreg, først til Vigelandsmuseet i Oslo, deretter til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum.[30][31]

Sjablongmåleri[endre | endre wikiteksten]

Eit av sjablongmåleria til Bit, brukt på plakaten til utstillinga ved Bergen bymuseum i 2015

Vejle klipper alltid i dobbelt lag papir. Dette gjer at ho får to heilt identiske klipp. Det eine vert halde på i sin ensfarga originalversjon, medan det andre kan nyttast som sjablong for ein annan type kunstverk, sjablongmåleri, der det som er det psaligrafiske mellomrommet til verket framstår med farge i det sprøytemåla måleriet, medan motiva til papirklippa framstår kvite. Sjablongmåleriet liknar dermed papirklippet, men utan lys- og skuggeverknadane ein får frå orginalen.

Sjablongmåleria vart for fyrste gong utstilt i Alvøen hovudbygning ved Bymuseet i Bergen i 2015.[32]

Center for papirkunst[endre | endre wikiteksten]

Våren 2018 opna Vejle, saman med dottera Zeleste Kolstad Vejle «Center for papirkunst» i Hune ved Blokhus i Danmark. Dei psaligrafiske verka til Vejle vil utgjera ein kjernedel av den faste utstillinga. I tillegg vil det vera temporære utstillingar av dansk og internasjonal papirkunst.[33]

Produktdesign[endre | endre wikiteksten]

Vejle har laga ein eigen serie med masseproduserte papirklipp-dekorasjonar og kort. Dei vert framstilte ved hjelp av laserteknologi med utgangspunkt i originalklippa hennar, og vert produserte og forhandla av firmaet Bit Papercut AS.[34][35]

Ho har designa pledd og dukar for Røros Tweed, dåpspledd for Nidarosdomen og servise for Porsgrunds Porselænsfabrik.[36]

Åge Aleksandersen markerte sin 60-årsdag med plateutgjeving i 2009, gav han Karen Bit Vejle i oppdrag å designa framsida på dei to CD-boksane. Det store originalklippet er med på Vejle si vandreutstilling. Alexandersen brukte det hjerteforma «våpenskjoldet» i fleire samanhengar, blant anna som scenedekor under konsertar.[37]

I 2011 var Karen Bit Vejle årets designar ved Maihaugen.

Ho har designa smykke, dekorasjonar og andre produkt for det danske firmaet Georg Jensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Guttormsen (2008)
  2. Guttormsen (2008), s. 7
  3. Opstad (2015), s. 32
  4. Odense bys museer om H.C. Andersen, papirklipp og fortellinger (besøkt 2. juni 2015)
  5. om historiefortelleren Bit, fra papercutart.no (besøkt 2. juni 2015)
  6. «Museets omtale av utstillingen». Arkivert frå originalen 22. oktober 2016. Henta 2. juni 2015. 
  7. Næsheim, E. (2009) «Klippene som vekker oppsikt». Stavanger Aftenblad, 31. januar 2009, s. 35
  8. Christiansen, Per «Klipp fra liv og myter». Adresseavisen, 20. juli 2013, del to, s. 8
  9. Opstad (2015), s. 61
  10. Adrian Sassoons offisielle nettsted (besøkt 7. juni 2015)
  11. «Tindefilm.no». Arkivert frå originalen 22. desember 2015. Henta 13. desember 2015. 
  12. Bergen Festivalens opplisting av de nominerte
  13. Opstad (2015), s. 123
  14. NRKs omtale av prosjektet, også med et kort, filmet intervju med Bit om arbeidet (besøkt 6. juni 2015)]
  15. Artikkel om prosessen og symbolikken
  16. video med Karen Bit Vejle som forteller om Ballerina Bulldog under utstillingen på Kalmar slott i 2012 (sett 2. juni 2015)
  17. Opstad (2015), s. 55
  18. 18,0 18,1 Gorseth, Olav (21. mars 2015) «Symbolmettet papirkunst». I: Bergens Tidende
  19. Alle power tools er beskrevet på Facebook-siden Ballerina Bulldog
  20. «Ballerina Bulldog»s Facebook-side (besøkt 7. juni 2015)
  21. Andersen, Ole-Einar (2010) «Papirklipp går Norden rundt». I: Adresseavisen, del 3, 25. september 2010
  22. Intervju med Bit i Drammens tidende, i forbindelse med utstillingen på Blaafarveværket
  23. Museets omtale av utstillingen
  24. Museets omtale av utstillingen, arkivert frå originalen 24. mars 2012, henta 11. november 2021 
  25. Gran, Annemona (2012) «Karen Bit Vejle». Adresseavisen, 14. januar 2012, s. 7
  26. Slottets presentasjon av utstillingen
  27. «Hallands kulturhistoriske museum om utstillingen». Arkivert frå originalen 7. juli 2016. Henta 18. oktober 2016. 
  28. Utstillingskatalog for Slow art. Les i fulltekst (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 7. mars 2014, henta 11. november 2021 
  29. Sande, Bård (30. september 2014) «Klipper for Kina-dialog». I: Adresseavisen, s. 23]
  30. «om utstillingen på Vigelandsmuseets nettsted». Arkivert frå originalen 12. mars 2015. Henta 9. mars 2015. 
  31. Lohne, Jørgen (14. oktober 2014) «Gir dragehjelp i kinesisk motbakke». I: Adresseavisen
  32. Bymuseets informasjon om sjablongmaleriutstillingen (besøkt 6. juni 2015)
  33. «En eventyrlig historie – Nyt center for papirkunst i Nordjylland - Kunstavisen». Kunstavisen (på engelsk). 
  34. Andersen, Ole-Einar (2010) «Bits gode hjelpere». Adresseavisen, 30. oktober 2010, s. 8
  35. Bit Papercuts offisielle nettsted, arkivert frå originalen 11. november 2021, henta 11. november 2021 
  36. Dåpspleddene produseres også av Røros Tweed
  37. Opstad (2015), s. 85

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Andersen, Ole-Einar (2008) «Eventyrlig klippedebut». Adresseavisen, 3. mai 2012, s. 1
  • Boelskifte, Else (2012) «Magi med broderisaksen». Jyllandsposten, 12. august 2012, s. 8–9
  • Guttormsen, Sissel (red.)(2008) Med saksen som pensel, psaligrafi. Trondheim, K.B. Vejle
  • Guttormsen, Sissel (2009) «Med saksen som pensel» I: Kunst for alle, nr. 3, s. 48–49
  • N.N. (2012) «Kunstner med store klipp». I: Kapital, årg. 42, nr. 15, s. 116–118
  • Opstad, Jan-Lauritz (2013) Master of paper-cut : Karen Bit Vejle. Stockholm, Arvinius + Orfeus. ISBN 978-91-87543-00-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]