Karen Brødsgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Brødsgaard

Karen Brødsgaard.jpg

Statsborgarskap Danmark
Fødd 10. mars 1978 (43 år)
Horsens
Idrett handball, fotball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Karen Brødsgaard (fødd 10. mars 1978) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Horsens. I perioden 1998-2004 vart ho dobbelt olympisk meister og europameister med Danmarks landslag.

Brødsgaard var linjespelar for Viborg HK i tida 1998-2003. Dei fire fyrste sesongane i Viborg var ho årleg med om å vinne den den danske serien. I tillegg sikra Viborg og Brødsgaard seg EHF-pokalen i 1999. Våren 2001 tapte Viborg finalen i meisterligaen mot Krim Ljubljana. På tampen av 2003-04 flytta Brødsgaard til Larvik HK, der ho i sin fyrste kamp var med å vinne NM-finalen 2003. Etter berre eit halvår i Noreg, skreiv ho kontrakt med Ikast. Sidan spelte ho for Aalborg i perioden 2007-10.

Brødsgaard debuterte for Danmark i februar 1998. Ho deltok då Danmark tapte EM-finalen 1998 mot Noreg. Sidan var ho med på OL-triumfen i Sydney i 2000, finalesigeren over Noreg under EM 2002 på heimebane, samt OL-sigeren 2004 i Aten. Ho skåra 2 mål i EM-finalen 2002 og tre mål i den dramatiske OL-finalen 2004 mot Sør-Korea. Brødsgaard deltok 140 landskampar og skåra 288 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]