Karen Carpenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Carpenter
Karen Carpenter.jpg
Karen Carpenter, tidleg i 1970-åra
Fødd2. mars 1950(1950-03-02)
FødestadNew Haven i Connecticut
Død4. februar 1983 (32 år)
DødsstadDowney i California
FødenamnKaren Anne Carpenter
OpphavDowney, California
Aktiv1965–1983
SjangerPop, softrock
Instrumentvokal, trommer, perkusjon
Kjende instrumentLudwig-trommer
Stemmetypealt
Tilknytte artistarThe Carpenters, Richard Carpenter
PlateselskapA&M
Verka somMusikar, songar

Karen Anne Carpenter (2. mars 19504. februar 1983) var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.[1]

The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar.[2] Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.[3]

Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

  • 1975 – I den årlege lesarundersøkinga til magasinet Playboy vart Carpenter kåra til årets trommeslagar.
  • 1999 – VH1 rangerte Carpenter på 29. plassen på lista si over dei 100 største kvinnene i rock and roll.[4]
  • 2008 – Rolling Stone rangerte Carpenter på 94. plass på lista si over dei 100 største songarane gjennom tidene.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rob Hoerburger, «RECORDINGS VIEW; Revisionist Thinking On the Carpenters", New York Times, Published: 3 November 1991, Retrieved: 23 July 2011
  2. VH1, Behind the Music: Carpenters (1998).
  3. Coleman, p.330.
  4. «VH1: 100 Greatest Women of Rock & Roll». Rock On The Net. Henta 3. februar 2015. 
  5. «2008 Rolling Stone Magazine's list of 100 Greatest Singers of All Time». Rollingstone.com. Henta 3. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]