Karen Dalton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Dalton
Fødd19. juli 1937(1937-07-19)
FødestadBonham i Texas i USA
Død19. mars 1993 (55 år)
DødsstadHurley i New York i USA
FødenamnKaren J. Cariker
OpphavUSA
Aktiv1960-åra til 1990-åra
SjangerCountryblues, jazz
InstrumentSong, gitar, banjo
Verka somVokalist, gitarist, banjoist

Karen J. Dalton (fødd 19. juli 1937 som Karen J. Cariker, daud 19. mars 1993) var ein USA-amerikansk folk-blues-songar, gitarist og banjoist. Ho var tidleg i 1960-åra knytt til visemiljøet i Greenwich Village, særleg Fred Neil, Holy Modal Rounders og Bob Dylan.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dalton vart fødd Jean Karen Cariker i Bonham i Texas,[2] men voks opp i Enid i Oklahoma. Ho budde òg i Stillwater i Oklahoma og Lawrence i Kansas, før ho flytta til Greenwich Village tidleg i 1960-åra.[3] Den bluesaktige, livstrøytte røysta hennar vert ofte samanlikna med jazzsongaren Billie Holiday, men Dalton har sjølv sagt at Bessie Smith var ei stor inspirasjonskjelde. Ho song blues, viser, country og pop, ofte med 12-strengsgitar og ein langhalsa banjo.

Det første albumet til Dalton, It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best (Capitol) kom i 1969 og vart gjeven ut på CD av Koch Records i CD in 1996. Det andre albumet hennar, In My Own Time (1971), vart spelt inn i Bearsville Studios og kom opphavleg ut på selskapet til han som fekk i gang Woodstockfestivalen, Michael Lang sitt Just Sunshine Records. Albumet vart produsert og arrangert av Harvey Brooks, som spelar på bass på albumet.

Begge albuma til Dalton kom ut på ny i november 2006 som It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best. Denne kom med ein bonus DVD som synte sjeldne opptak av Dalton.

Dalton var kjend som «visesongaren sitt svar på Billie Holiday» og «Sweet Mother K.D.», og skal ha vore tema i songen «Katie's Been Gone» (skriven av Richard Manuel og Robbie Robertson) på albumet The Basement Tapes av The Band og Bob Dylan. Dylan skreiv om Dalton at «favorittsongaren min var Karen Dalton. Karen hadde ei røyst som Billie Holiday og spelte gitar som Jimmy Reed... eg song med ho eit par gonger.»[4]

Dalton var nær ven av songaren og låtskrivaren Tim Hardin, og ho spelte songane hans. Ho var blant dei første som song songen «Reason to Believe». Ho var gift med gitaristen Richard Tucker, som ho stundom spelte med i ein duo, og i lag danna dei stundom ein trio med Hardin.

Ho døydde som følgje av AIDS i mars 1993, 55 år gammal.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Green Rocky Road (2008) heimeopptak frå 1962-63
  • 1966 (2012). Opptak som ikkje var gjeve ut før.
  • Remembering Mountains: Unheard Songs by Karen Dalton (2015).[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordinary Songs Become Memorable Events». NPR.org (på engelsk). Henta 8. januar 2019. 
  2. Laura Barton (23. mars 2007). «The Best Singer You've Never Heard of». The Guardian. Henta 8. januar 2019. 
  3. «For Karen Dalton, a long way home». Associated Press. 12. juli 2015. 
  4. Dylan, Bob (2004). Chronicles: Volume One. Simon and Schuster. ISBN 0-7432-2815-4.  (Page 12.)
  5. Clayton, Richard (27. januar 2012). «Play, lady, play». Financial Times. ISSN 0307-1766. Henta 11. februar 2016. 
  6. «Remembering Mountains : Unheard Songs By Karen Dalton – Out Now «». Tompkinssquare.com. Henta 8. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]