Karen Sundt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Sundt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1841
Farsund kommune
Død

1. januar 1924 (82 år)

Yrke journalist, skribent, redaktør
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Karen Sundt (23. mai 18411. januar 1924) var ein norsk forfattar og journalist. Ho er kjend for sine «folkelege forteljingar som nådde fram til eit elles lite litteraturinteressert publikum».[1] Eilert Sundt var farbror hennar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sundt var fødd i Farsund, der faren var skipper, seinare vart han tollbetjent i Langesund og familien flytta dit i 1852. Ho gjekk Sagatun Folkehøyskole i 1873, og levde sidan i mange år som korrespondent og/eller journalist i ymse aviser. Mellom anna leverte ho stoff til Verdens Gang og, medan ho budde i Skien, til bladtiltak i distriktet. I 1886 var ho redaksjonssekretær i Østlandsposten i Larvik.

Frå 1892 var Sundt busett i Kristiania. Ho livnærte seg sidan som forfattar av romanar som i stor grad vart omsett gjennom kolportasje. I sin svært omfattande litterære produksjon tok ho opp tema som vedkom folk i små kår, og med sympati for figurane og deira livssituasjon. Ho skreiv meir røyndomsnært enn mange andre forfattarar av same sjangertype, meiner Willy Dahl.

Ho døydde ugift i hovudstaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok. X. bandet:391