Kargatelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kargat
elv
Каргат М51 2008.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 7 200 km²
Lengd 387 km
Middelvassføring 8,54 /s
Munning Tsjulym

Kargat (russisk Каргат) er ei elv i Novosibirsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsjulym frå høgre. Elva er 387 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 200 km².

Kargat spring ut i dei sørlege delane av Vasjuganmyrene, på 143 moh, og renn sørvestover over Barabasteppene, og munnar ut i Tsjulym på rundt 110 moh. Ein stor del av vassføringa fordampar og forsvinn i bakken, og middelvassføringa (ved landsbyen Nizjnij Kargat, 36 km frå munningen) er på berre 8,54 m³/s. I den nedre delen av elva er ho rundt 30 m brei og 2 m djup med ein straum på 0,1 m/s. Kargat har ingen større sideelvar.

Ved midtre delar av elva ligg byen Kargat, der elva vert kryssa av den transsibirske jarnvegen og hovudvegen M51. Kargat frys til i november og er dekt av is til vårløysinga i slutten av april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]