Kari Diesen
Utsjånad
| Kari Diesen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 24. juni 1914 Christiania |
| Død | |
| Yrke | skodespelar, songar |
| Språk | norsk |
| Medlem av | Oslo Harmonikvartett |
| Far | Harald Steen |
| Mor | Signe Heide Steen |
| Ektefelle | Ernst Diesen |
| Kari Diesen på Commons | |
Kari Diesen (24. juni 1914–18. mars 1987), fødd Kari Heide-Steen, var ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho vart særleg kjend for sine roller i revyar og filmar.
Foreldra hennar, Harald Steen og Signe Heide-Steen, var begge skodespelarar. Sjølv fekk ho tidleg barneroller på teatera i hovudstaden. Frå 1930-talet var ho ein populær aktør gjennom sine mange komiske figurar på revyscenene Chat Noir og Edderkoppen, der ho vekselvis var tilsett fram til 1964. På 1950- og 1960-talet spelte ho i mange filmar, mest kjend er ho for filmane Støv på hjernen, Sønner av Norge og Sønner av Norge kjøper bil.
I 1957 fekk Diesen stor suksess med songen «Hovedøen» av Vilhelm Dybwad, utgitt på His Master's Voice.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kari Diesen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2014.