Kari Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Henriksen

Fødd10. august 1955 (68 år)
Vennesla kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Kari Henriksen (fødd 10. august 1955 i Vennesla) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart 3. desember 2007 utnemnd til statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II,[1] ei stilling ho hadde fram til 3. april 2009. Ho bad då om avskjed for å konsentrere seg om valkampen før stortingsvalet 2009, då ho var førstekandidaten til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder.

Henriksen vart vald inn og er frå 2009 medlem av arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen. Ho var vararepresentant på Stortinget i perioden 2005–2009.

Henriksen er psykiatrisk sjukepleiar frå Universitetet i Agder, og har mastergrad i folkehelse med kurs frå Göteborgs Universitet og State University of New Jersey (Rutgers). Yrkeskarrieren hennar fordeler seg på sjukepleiarstillingar ved Eg Sykehus og leiarstillingar ved A-klinikken i Vest-Agder fylkeskommune i åra 1979-2000. Henriksen har også vore trenar i Flekkerøy IL og hatt verv i bedriftsidrettskretsen i Agder.

Kari Henriksen har vore medlem av bystyret i Kristiansand.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Henriksen, Kari og Jorun Buckley: Æ du gal! – oppvekst på Eg Sykehus, Hertervig Forlag, 2002. ISBN 82-92023-08-9.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.