Hopp til innhald

Kari Hop Skiftesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Hop Skiftesvik
Fødd1938 (86 år)
PartiVenstre
Yrkeskribent
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Kari Hop Skiftesvik (fødd 1938) er ein norsk venstrepolitikar, kvinnesaksforkjempar, forfattar og fyrstebibliotekar.

Skiftesvik tok cand.mag. ved Statens bibliotekhøgskole. Ho har arbeidd ved Universitetsbiblioteket og vore avdelingsbibliotekar og sidan fyrstebibliotekar ved Bergen offentlige bibliotek.[1]

Ho har hatt ei rekkje verv i Bergen Venstre og Norsk Kvinnesaksforening.[1] Skiftesvik har vore nestleiar i Bergen Venstre (1979–1983), leiar i Fana Venstre (1983–1985), og var medlem av likestillingsutvalet i Bergen.[1] Ho var leiar i Bergen Kvinnesaksforening i tre periodar (1976–1982, 1995–2008[2] og 2011–2013[3]) og 2. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening på nasjonalt nivå (1978–1986, 1996–2006 og 2011–2014).[4][3][5] Ho var aksjonsleiar i Bergen for TV-aksjonen 89: Kvinner i den 3. verden.[1]

Skiftesvik har gjeve ut boka Bergens små og store døtre: Kvinnehistoriske byvandringer, saman med Elisabeth Aasen, på Bodoni forlag i 2016. Bergen Offentlige Bibliotek skriv at det er ei turbok om den usynlege bergenshistoria.[6]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jubilanter». Aftenposten. 09.05.2018. S. 40
  2. Kari Hop Skiftesvik (2010). «Bergenske formødre» (PDF). Kvinnesaksnytt (1): 20–21. 
  3. 3,0 3,1 «Nytt fra lokallaga» (PDF). Kvinnesaksnytt (1): 40. 2011. 
  4. Hvem er hun?. Cappelen. 1989. ISBN 8202116759. 
  5. Karin Bruzelius (18. juni 2012). «Referat fra landsmøte i Norsk Kvinnesaksforening 12. mai 2012 i Majorstuveien 39, Oslo». Henta 12. november 2019. 
  6. Mona Fonnes. «Bergens små og store døtre: Kvinnehistoriske vandringer». Henta 12. november 2019.