Kari Hotakainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Hotakainen
Kari Hotakainen.jpg
Fødd 9. januar 1957
Björneborg
Yrke skribent, manusforfattar, lyrikar, journalist, barnebokforfattar, skodespelforfattar
Sjanger roman
Kari Hotakainen på Commons

Kari Hotakainen (fødd 9. januar 1957) er ein finsk forfattar. Han er fødd i Björneborg, men blei utdanna ved Helsingfors universitet og har sidan 1986 budd fast i byen.

Kari Hotakainen har arbeidd som journalist og reklamemann og debuterte som lyrikar i 1982. I 1996 tok han til å skriva på heiltid. Hotakainen har skrive fleire diktsamlingar og romanar, men også barnebøker og radio- og fjernsynsdramatikk. I tillegg er nokre av bøkene hans vorte filmatiserte.

Romanane til Hotakainen skildrar gjerne middelaldrande, middelmådig menn med ein lidenskap, som i Juoksuhaudantie (2002, norsk På hjemmefronten 2004), der Matti Virtanen, ein mann med det vanlegaste føre- og etternamnet i Finland, gjer alt for å få tak i ein einebustad.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

På norsk: 2004 På hjemmefronten, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-23219-8
På norsk: 2006 Isakskatedralen, omsett av Tor Tveite (Cappelen, Oslo) ISBN 82-02-24858-2
På norsk: 2009 De skjødesløse, omsett av Tor Tveite (Cappelen Damm, Oslo) ISBN 978-82-02-27400-9

Filmar som byggjer på Kari Hotakainens romanar[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]