Kari Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Martinsen
FøddKari Marie Martinsen
20. januar 1943
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdesjukepleie
Yrkesjukepleiar, professor, filosof
InstitusjonarAarhus Universitet
Universitetet i Bergen
Alma materUllevål sykehus
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen

Kari Marie Martinsen (fødd 20. januar 1943) er ein norsk sjukepleiar, magister i filosofi og dr.philos. Ho er professor emerita i sjukepleievitskap ved Høgskolen i Harstad og Haraldsplass diakonale høgskole. Martinsen er anerkjent for å har kome med eigna bidrag innanfor omsorgstenkning og sjukepleie.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Martinsen har vore tilsett ved Danmarks sygeplejerskehøjskole, no Institutt for sygeplejevidenskab ved Århus universitet, og seinare ved Avdeling for sjukepleie, Universitetet i Tromsø. I 1998 vart ho knytt til seg Lovisenberg diakonale høgskole, og i 2002 vart ho tilsett ved Institutt for samfunnsmedisin, Seksjon for sjukepleievitskap, Universitetet i Bergen. Martinsen har skrive ei rekkje bøker og artiklar innanfor omsutsfilosofi, historie og sosialpolitikk.

I staden for fokus på omgrepdefinisjonar og tekniske oppgåver har Martinsen søkt å retta blikket mot kva pleie og omsut eigenleg handla om. Difor byrja ho på eit studium i filosofi for å finna ut av dette, og ho markerte seg som ein kritikar av den herskande positivismen, influert av Hans Skjervheim. Utover i karrieren si la ho større og større vekt på den danske filosofen Knud Ejler Løgstrup. På mange måtar er Martinsens tankar på eit meir metafysisk nivå enn eit reint sjukepleie-praksis-nivå, men det tek opp grunnleggjande problemstillingar som ein møter som sjukepleier i kontakt med pasientar.

Martinsen sine utgjevingar på 90-talet vart vurdert som samfunnskritiske, og ho mottok kritikk frå Norsk Sjukepleiarforbund som oppfordra medlemmane sine til ikkje å lesa tekstane hennar. Dei utestengte Martinsen frå NSF, men i 1993 bad forbundet offisielt om orsaking.[1]

Kongen utnemnde i 2011 Martinsen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hennes innsats innen sykepleie.» I 2013 mottok ho Admiral Carl Hammerichs minnelegat for innsatsen sin for dansk-norsk samarbeid innan sitt fagområde.[2]

I mars 2013 vart boka Nødvendige omveier utgjeven i samband med 70-årsdagen til Martinsen. I boka diskuterer 23 ulike forfattarar fleire av dei temaa som ho har skrive om i forfattarskapet sitt; som omsutsfilosofi og etikk, kunnskap og danning og historie og helsepolitikk.

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Omsorg, medisin og sykepleie (1989) Universitetsforlaget.
  • Fra Marx til Løgstrup (1993) Universitetsforlaget.
  • Fenomenologi og omsorg (1996) Universitetsforlaget.
  • Samtalen, skjønnet og evidensen (2005) Akribe Forlag.
  • Care and vulnerability (2006) Akribe Forlag.
  • Å se og å innse (2009) Akribe Forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Omsorgsfilosof i kamphumør». forskning.no. Henta 10. januar 2017. 
  2. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, vitja 16. april 2011.