Kari Mette Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Mette Johansen
Kari Mette Johansen 2008.jpg
Fødd 11. januar 1979
Fredrikstad
Yrke handballspelar
Kari Mette Johansen på Commons

Kari Mette Johansen (fødd 11. januar 1979) er ein norsk handballspelar og lærar frå Fredrikstad. Ho er sidan 1999 kantspelar for Larvik HK, og vart europacupmeister med klubben i 2008 og seriemeister i 13 år på rad, 2000-12. Johansen har i perioden 2004-11 vunne fire EM-gull, to OL-gull og eitt VM-gull med Noregs handballandslag. Mellom 2004 og august 2012 har ho spela 203 landskampar og skåra 493 landslagsmål.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Johansen spela i unge år på Skjeberg HK og fram til 1999 for Lisleby HK. Ho debuterte på Noregs kvinnelandslag 26. mars 2004 og har seinare hatt fast plass i landslagstroppa, og spela alle meisterskapsturneringane Noreg har vore med i. Desse åra vann ho EM-gull i 2006, VM-sølv i 2007, både OL- og EM-gull i 2008, VM-bronse i 2009, det fjerde rake EM-gullet i 2010, sitt fyrste VM-gull i 2011 og sitt andre OL-gull i 2012.

Ho imponerte aller mest under europameisterskapen 2006, då ho skåra ni mål på ni forsøk i finalekampen mot Russland og vart teken ut på det såkalla allstar-laget i turneringa.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2000 – 6.plass
  • EM 2004 – Gull
  • VM 2005 – 9.plass
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • VM 2007 – Sølv
  • OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 over Russland
  • EM 2008 – Gull
  • VM 2009 – Bronse
  • EM 2010 – Gull
  • VM 2011 – Gull
  • OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]