Kari Nyquist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Nyquist
Fødd 17. oktober 1918
Død

20. april 2011

Yrke keramikar

Kari Nyquist (fødd Stoesen i (fødd 17. oktober 1918) i Oslo) er ein norsk keramikar. Ho er utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo frå 1934 til 1938.

Parallelt med at ho gjekk på skulen fekk ho også verkstadpraksis like i nærleiken av skulen hjå Eilif Whist i Waldemar Thranesgate og William Knutzen i Wesselsgate. Etterpå arbeidde ho ei tid ved Åros Keramikk i Røyken og sidan hjå Schneider og Knutzen ASSlemdal i Oslo.

Nyquist opna eigen keramikkverkstad i Oslo i 1942. Der hjelpte fyrst Jo Vogt og så mann hennar, Jan Nyquist, til med dreiinga medan ho stod for dekorane.

På 50- og 60-talet formgav ho mange dekorar for Stavangerflint, mellom anna mange suvenirplatter med leikfulle og detaljrike motiv frå norske byar. Mange av dekorane ho laga for Stavangerflint er einsfarga trykkdekorar i blått, raudt eller svart på ein ljos grå botnfarge. Ho laga også dekorar til barneservise i same stil, og eit teservise som også er representert ved Victoria and Albert Museum i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]