Kari S. Vivelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kari Sylfestsdotter Vivelid (24. desember 189913. februar 1979) var ein biletkunstnar frå VivelidHardangervidda i Eidfjord kommune. Ho var syster til forfattaren og målaren Lars Vivelid, og ho illustrerte mellom anna fleire av bøkene han hadde skrive — ofte i samarbeid med han sjølv. Ho laga mange måleri i løpet av livet sitt, gjerne med motiv frå fjellet. Sceneteppet ”Trollgildet” i Eidfjord ungdomshus vart måla av henne i 1937.

Kari voks opp på Vivelid, og ho budde der heile livet sitt til ho døydde i 1979. Det gamle huset som ho budde i, har no vorte restaurert og fått namnet Karistova etter henne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]