Kari Stai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Stai
Kari stai 2014.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 14. august 1974 (44 år)
Yrke Illustratør, forfattar, biletkunstnar
Periode 2008-
Sjanger Barnelitteratur
Debut Jakob og Neikob
Nettstad karistai.no

Kari Stai (fødd 14. august 1974)[1] er ein norsk illustratør, biletkunstnar, grafisk designar og barnebokforfattar.[2]

Bakgrunn og arbeid[endre | endre wikiteksten]

... har ho laga ei nyskapande og flott bok som på same tid er lett å bruke og som tek opp ei allmennmenneskeleg utfordring. Illustrasjonane fyller heile sidene med reine linjer, sterke fargar og sterkt stiliserte uttrykk.

Janne Karin Støylen, Nynorskbok.no om
biletboka Jakob og Neikob i 2008[3]

Kari Stai kjem frå Inderøy kommune i Nord-Trøndelag.[2] Ho har studert ved Høgskolen i Telemark (1996-1999), Oslo Tegne- og Maleskole (1993-1996) og Kunsthøgskolen i Oslo (2000-2005) der ho tok hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har sidan særleg arbeidd med illustrasjon i tidsskrift og bøker. I 2008 debuterte ho som forfattar med biletboka Jakob og Neikob, «ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet».[4] I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken. Båe bøkene er skrivne på nynorsk og gjevne ut på Det Norske Samlaget. Illustrasjonane er prega av klåre linjer, jamne flater i få, avstemte fargar, stiliserte figurar, geometriske former og eit grafisk uttrykk.

Ho er medlem av NBK, Tegnerforbundet og Grafill, og er kjøpt inn av Nasjonalbiblioteket, Nils Aas Kunstverksted og Inderøy Kunstforening.

Stai er gift med illustratøren og gallerileiaren Henning Lystad. Dei er busette på Straumen i Inderøy. Kari Stai var med i illustratørfellesskapet Patron i Oslo frå 2005 til 2009.

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker med eigen tekst[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: Jakob og Neikob - biletbok
  • 2010: Blodrik og Blodfabrikken - biletbok
  • 2011: Mopp og Mikko elskar mat - peikebok
  • 2011: Mopp og Mikko elskar ting - peikebok
  • 2011: Mopp og Mikko elskar kjøretøy - peikebok
  • 2011: Mopp og Mikko elskar dyr - peikebok
  • 2012: Jakob og Neikob : tjuven slår tilbake - biletbok

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kari Stai (14.08.1974)». forfatterkatalogen.no. Henta 11. november 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Kari Stai». Nettstaden til Samlaget. Henta 11. november 2012. 
  3. Bokmelding av Jakob og Neikob på Nynorskbok.no i 2008
  4. Det norske samlaget om Jakob og Neikob 2008
  5. Tone Staude (28. november 2012). ««Årets vinnere av Brageprisen»». nrk.no. Henta 28. november 2012. 
  6. Tone Staude (7. mars 2013). ««Personlig Hjorth og sakprosa om Utøya fikk kritikerpris»». nrk.no. Henta 7. mars 2013. 
  7. ««Litteraturkritikerprisene 2012»». Nettstaden til Kritikerlaget. 7. mars 2013. Henta 7. mars 2013. 
  8. Fylkets kulturpris går til Kari Stai; Trønder-Avisa, 6.12.2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]