Kari Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Svendsen
Kari Svendsen Cosmopolite (002616).jpg
Kari Svendsen i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd 5. september 1950
Oslo
Yrke skodespelar, songar, banjospelar, gitarist

Kari Svendsen (fødd 5. september 1950 i Oslo), ofte omtalt som «Banjo-Kari», er ein norsk artist, visesongar, gitarist og banjospelar.

Kari Svendsen starta den musikalske karrieren sin i 1966. Ho vart først kjent som medlem av gruppa Christiania Fusel & Blaagress, men opptredde frå 1970-talet som soloartist og etter kvart i fleire revyar. Ho er kjent for å halda dei norske revyvisene i hevd, særleg dei av det munnrappe slaga. Ho går Arvid Nilssens snøggleik ein høg gong i versjonen sin av «Bare døtt på!», Finn Bøe og Bias Bernhoft si vise om ein trikkekonduktør. Ho fekk Gammleng-prisen i klassa vise i 1994. Ho spelte rolla som ein jovial vaktmester i ungdomsserien Borgen skoleNRK TV.

Kari Svendsen var tidlegare gift med artisten Lillebjørn Nilsen. I 2011 vart ho tildelt St. Hallvard-medaljen for den eineståande posisjonen sin som visesongar i Oslo.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: På stengrunn
  • 1978: Kari Svendsen (album) (solo)
  • 1982: Solskinn og sang
  • 1991: Kari går til filmen
singlar
  • Grannie / Nightingale (1967), med The Young Norwegians
  • S.O.S. Filipstad (1993)

Gatesangerne[endre | endre wikiteksten]

  • Gatesangerne (1994)
  • Oslo-viser (2000)

Christiania Fusel & Blaagress[endre | endre wikiteksten]

  • Mamma vi'kke ha/Det kjem nok betre tider (1968)

Andre deltakingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Young Norwegians: Things On Our Mind (1967)
  • Øystein Sunde: 1001 fnatt (1970)
  • Lillebjørn Nilsen: Tilbake (1971)
  • Convivium: Convivium (1971)
  • Diverse: Viser i trengsel (1972)
  • Knutsen & Ludvigsen: Brunost no igjæn? (1972)
  • Diverse: Norsk på topp 3 (1974)
  • Lillebjørn Nilsen: ...og Fia hadde sko (1974)
  • Lillebjørn Nilsen: Byen med det store hjertet (1976)
  • Lillebjørn Nilsen: Hei fara! Norske folkeviser (1976)
  • Vandrerne: Vandrerne (1979)
  • Diverse: Kvinnekulturfestivalen '79. Kalvøyakonserten (1979)
  • Trygve Hoff: Fokti (1980)
  • Aage Samuelsen: Hva kan vel jeg for det? (1982)
  • Brødrene Dal: Spektralplate (1982)
  • Lillian Askeland & Ottar Johansen: Rett fra hjertet (1982)
  • 3 Busserulls: Oljefeber (1983)
  • Diverse: Viser i vinden (1984)
  • Steinar Ofsdal: Hat Trick (1984)
  • Diverse: Viser i vinden: Nordens beste artister (1987)
  • Gustav Lorentzen: 1. klasse (1992)
  • Trygve Hoff: Lån mæ no'n tima (1993)
  • Lillebjørn Nilsen: Haba Haba (1995)
  • Dusty Cowshit: Østenfor Soon, Western for Råde (1996)
  • Diverse: Knut Gribb – En vals med "Den grønne redsel" – og 2 andre hørespill (2003)
  • Diverse: En annen dans (2004)
  • Diverse: Norsk visesang i 50 år (2008)
  • Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe: To Stemmer – 14 Akustiske Sanger & Konsertfilm (2008)
  • John Ivar Bye: Intakt (2009)
  • Diverse: Norske ballader (2010)
  • Revolver: Milevis (2013)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kari Svendsen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016. Artikkelen oppgav desse kjeldene:
    • «Svendsen, Kari» i Norsk pop- og rockleksikon, 2005.