Karibia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyane i Karibia.

Karibia viser til ein region nord for ekvator mellom Atlanterhavet, Mexicogolfen og det amerikanske fastlandet som består av Karibiahavet med øyane og øygruppene som ligg der.

Politisk reknar ein også fastlandsområda Guyana, Surinam, fransk Guyana og Belize med til området. Historiske namn knytte til området er Antillane og Vest-India.

Namnet Karibia kjem frå karibar, eit av urfolka som levde på Dei små Antillane då dei spanske conquistadorane kom til staden.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I det karibiske området lever det i dag om lag 36 millionar menneske av ulikt opphav. Ved sida av dei no fåtalige urfolka, bur det på dei ulike øyane i Karibia framfor alt menneske av afrikansk og europeisk opphav, kreolar, såvel som indarar (framfor alt i Trinidad og Tobago) og kinesarar.

Spansk og engelsk er hovudspråka i Karibia. 94 % av innbuarane snakkar eit av desse to språka, av desse igjen snakkar 70 % spansk. I tillegg kjem fransk, nederlandsk og ulike kreolspråk.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Karibiahavet ligg på den Den karibiske plata, men ein nordvestlege del ligg på den Den nordamerikanske kontinentalplata, skild frå hovuddelen av den 7 680 meter djupe Caymanrenna.

Karibia si historie[endre | endre wikiteksten]

Karibia ved slutten av 1800-talet

I tusenåret før vår tidsrekning kom Arawakindianarane over til Dei karibiske øyane frå Venezuela. Då dei vel var komne til Trinidad, breidde seg nordover. Rundt 1500 år seinare kom dei stridslystne karibane same vegen og dei fordreiv litt om senn arawakane frå dei små Antillane. På den tida Kristoffer Columbus kom budde arawakane budde på Cuba, Hispaniola og Bahamas, medan karibane budde på Dei små antillane.

Oppdagarar og busetjarar[endre | endre wikiteksten]

Columbus var framfor alt på jakt etter gull og andre rikdomar, men oppdaga fort at arawakane på San Salvador ikkje verdsette det som europearane rekna som rikdomar. Difor reiste conquistadorane vidare til det amerikanske kontinentet, og Karibia vart nesten ikkje busett av spanjolane. Men litt om senn slo engelskmenn, nederlendarar og franskmenn seg ned; også Danmark og Kurland fekk seg koloniar her.

Spesielt på 1600- og 1700-talet var Karibia tilhaldsstad for sjørøvarar i det som vart kalla «piratane si gullalder». Den karibiske varianten vart gjerne kalla buccaneers, og mange av dei var her i kaperfart med «lovleg» oppdrag frå ein eller annan konge. Dei mange små øyane gav sjørøvarane ei rekke fine plassar der dei kunne gøyme seg for forfølgjarane og samstundes ligge på lur for å angripe spanske skip på veg heim med skattar dei hadde røva i Sør-Amerika. Port RoyalJamaica og den franske busettinga på Tortuga var regelrette piratbusettingar.

Øyar og øygrupper i Karibia[endre | endre wikiteksten]

Uavhengige øystatar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste øyane vart uavhengige på meidten av 1900.talet.

Avhengige øyar[endre | endre wikiteksten]

Desse ikkje-karibiske statane har framleis landområde i Karibia:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er ei fullstendig omsetjing av «Karibik» frå Wikipedia på tysk, den 6. april 2011. Dei oppgav litteraturlista under.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bernd Hausberger & Gerhard Pfeisinger (Hrsg): Die Karibik: Geschichte und Gesellschaft 1492-2000. Promedia, Wien 2005, ISBN 3-85371-236-3.
  • Holger Henke: Modern Political Culture in the Caribbean. Kingston: Univ. of the West Indies Press 2003, ISBN 976-640-135-7.
  • Holger Henke: Between Self-Determination and Dependency: Jamaica’s Foreign Relations, 1972-1989. The University of the West Indies Press, Kingston 2000.
  • Matthew Mulcahy: Hurricanes and society in the British Greater Caribbean, 1624 - 1783. Johns Hopkins University Press, Baltimore 2006, 257 s., ISBN 0-8018-8223-0.
  • Heinrich Hasebeck & Andreas Venzke (red.):Gasparan oder die letzte Fahrt des Francis Drake, Benziger-Verlag, Zürich 1996, ISBN 3-545-36531-X.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karibia