Karibiastraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Karibiastraumen

Karibiastraumen er ein varm havstraum som renn gjennom Det karibiske havet frå aust og langs kysten av Sør-Amerika. Straumen er eit framhald av Guyanastraumen som renn langs nordkysten av Brasil. Når straumen svingar nord gjennom Yucatankanalen, vert han kalla Yucatanstraumen.

Straumen får vasstilførsle frå Atlanterhavet via Nordekvatorialstraumen, Nordbrasilstraumen og Guyanastraumen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Caribbean Current». CIMAS. Henta 28. oktober 2019.