Karihaug leirsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karihaug leirsted ligg i Bleikvasslia i Hemnes kommune i Nordland. Leirstaden er eigd av Normisjon.

Leirstaden står på ei tomt der det stod brakker etter andre verdskrigen. No er desse brakkene rivne, og eit nytt bygg er sett opp. Dette bygget vert i dag brukt som leirstad.

Normisjon arrangerer leir her fleire gonger i året, ofte i samarbeid med Det norske misjonsselskap. Leirane er oftast barneleirar, og er for born i heile Helgeland, men dei fleste deltakarane kjem frå tettstadene i nærleiken, som Mo i Rana, Mosjøen, Korgen, Nesna eller Bjerka.

Karihaug vert også leigd ut til andre arrangement, då oftast i kristen regi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]