Karin Burneleit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karin Burneleit
Ellen Tittel, Berny Boxem, Jennifer Orr, Karin Krebs 1972.jpg
Fødd 18. august 1943
Gusev
Yrke friidrettsutøvar
Karin Burneleit på Commons

Karin Burneleit, gift Krebs, (fødd 18. august 1943) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i dåverande Gumbinnen, seinare Gusev i Kaliningrad oblast i dagens Russland. Ho tevla for Aust-Tyskland då ho vart europameister på 1500 m i 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Burneleit var medlem av SC Dynamo Berlin og tevla på mellomdistansane 800 m og 1500 m. I 1968 vart ho innandørs europameister på 800 m. Same året vart ho austtysk meister på 800 m, hennar einaste nasjonale meisteritittel utandørs. Om hausten deltok ho så på 800 m under sommarleikane i Mexico-byen, og vart slått ut i semifinalane.

Høgdepunktet for Burneleit kom i europameisterskapen 1971 i Helsingfors. Her vann ho 1500-meteren på verdsrekordtida 4.09,6. Under dei olympiske sommarleikane 1972 vart ho nummer fire på 1500 m, trass i den sterke tida 4.04,1. I 1974 fekk ho sølvmedaljen på 1500 m i EM innandørs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]