Karin Lian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karin Lian
Fødd 12. mars 1942

Vestfold fylke, Holmestrand

Parti Arbeidarpartiet

Karin Lian (fødd 12. mars 1942 i Hillestad i Vestfold) er ein norsk tidlegare politikar for Arbeidarpartiet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lian voks opp på småbruket Hallingsrud i Hillestad.[1] Etter realskolen og handelsskolen var ho kontorist ved AS Stilmønster i Tønsberg 1959–1960, assistent ved Sem trygdekontor 1960–1963, kontorist ved Andebu kommunekasse 1975–1980 og ekspeditør ved Andebu postkontor 1982–1985.[2] Lian er busett i Andebu.[3]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Lian var medlem av Vestfold fylkesting 1980–1985, medlem av fylkesskolestyret 1980–1983 og medlem av fylkesutvalet 1984–1985. Etter å ha vore vararepresentant 1977–1985, var ho fast innvald på Stortinget frå Vestfold 1985–1997. Ho var medlem av Stortingets landbrukskomité 1985–1989, Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité 1989–1993 og Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité 1993–1997. Lian var 1. vararepresentant til Stortinget 1997–2001, og møtte fast for statsråd Jørgen Kosmo og sat i Stortingets sosialkomité 2000–2001. Lian har leidd Andebu Arbeidarparti og Vestfold arbeidarparti sitt Kvinneutval.[2]

Etter tida på Stortinget har Lian blant anna ivra for frivilligheitssentralen i Andebu.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjanes, O.T.; Dietrichson, Wilhelm; Berg, Lars, red. (1947). Norske Gardsbruk. 5. Oslo. s. 253. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Lian, Karin (1942-)». Stortinget. Henta 26. april 2015. 
  3. 3,0 3,1 NTB (12. mars 2012). «Jubilanter». Aftenposten (morgen utg.): 11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]