Karin Pettersen
| Karin Pettersen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 21. november 1964 (60 år) Frosta |
| Yrke | handballspelar |
| Språk | norsk |
| Høgd | 169 centimeter |
Karin Pettersen, gift Karin Ryen, (fødd 21. november 1964) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Frosta som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Ho spelte fyrst på Frosta Idrettslag og sidan på Trondheims-laget Byåsen IL.
Pettersen debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Danmark den 21. februar 1984. I desember 1986 var ho med då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Ho var med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Etter 1988 var Byåsen-spelaren den sentrale playmakeren (spelesjefen) i angrepsspelet til Noregs landslag. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i Handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania, var Susann Goksør i ferd med å ta over den rolla i laget.
Pettersen deltok i 250 landskampar for Noreg og skåra 546 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karin Pettersen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1964
- Norske handballspelarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Norske deltakarar under sommar-OL 1988
- Handballspelarar under sommar-OL 1988
- Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Norske deltakarar under sommar-OL 1992
- Handballspelarar under sommar-OL 1992
- Folk frå Frosta