Karin Singstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karin Singstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. desember 1958
Trondheim
Idrett handball
Yrke handballspelar

Karin Irene Singstad Vidal (fødd 29. desember 1958) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim som vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986. Linjespelaren var aktiv på Sverresborg Idrettsforening gjennom heile 1980-talet.

Singstad deltok frå landslagsdebuten i oktober 1984 i 83 landskampar og skåra 33 mål. Ho var med då Noreg overraska med å vinne bronse under Handball-VM 1986 i Nederland. To år seinare fekk ho ein sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Singstad opptrådde i landslagdrakta siste gongane i september 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]