Karita Bekkemellem
Karita Bekkemellem | |
![]() | |
Fødd | 15. januar 1965 (58 år) Lillehammer kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Karita Bekkemellem (fødd 15. januar 1965), som gift Karita Bekkemellem Orheim, er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet fødd på Lillehammer. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar.
I stortingsvalet 2005 blei Bekkemellem vald inn til sin femte periode for Møre og Romsdal fylke. I regjeringa Stoltenberg I var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet, og då denne gjekk av blei ho fraksjonsleiar i Kyrke-, utdannings- og forsningskomiteen på Stortinget. I regjeringa Stoltenberg II var ho frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 barne- og likestillingsminister. Ho var òg leiar for Arbeidarpartiets kvinnerørsle.
Kort tid etter at ho slutta i regjeringa, vart ho styremedlem i meklarhuset Carasa, saman med tidlegare Hydro-direktør Cecilie Ditlev-Simonsen. Bekkemellem er også ein av fleire faste programleiarar i debattprogrammet Studio 5 som går på fjernsynskanalen FEM.
Bekkemellem har to ungar. Ho er fødd i Lillehammer, flytta seinare til Molde og er no busett i Rygge.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildkvinner
- Fødde i 1965
- Norske familie- og forbrukarministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal
- Norske næringslivsleiarar
- Norske forfattarar av erindringsbøker
- Forkjemparar for homofile sine rettar
- Folk frå Lillehammer
- Folk frå Molde
- Ap-politikarar i Møre og Romsdal