Karl-Erik Åström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl-Erik Åström
Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. april 1924
Sverige
Død

9. desember 1993 (69 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1950

Karl-Erik Åström (18. april 19249. desember 1993) var ein svensk langrennsløpar. Han tok to VM-gull i 1950. Åstrøm tevla for Alfredshems IK, eit idrettslag som sidan 1963 heitte MoDo AIK. Han gjekk på Limex-ski, eit svensk skimerke som mange svenske landslagsløparar i langrenn nytta frå Vinter-OL 1948 og til sist i 1960-åra.

Åström deltok i berre eit stort, internasjonalt meisterskap; VM på ski i nordiske greiner i Lake Placid i delstaten New York i USA i 1950. Her gjorde han det til gjengjeld svært godt og vann 18 km med tida 1.06.16, tolv sekundar føre landsmannen Enar Josefsson. Dei to løparane vann sidan 4 x 10 km stafett for Sverige, saman med Nils Täpp og Martin Lundström.

Sidan klarte ikkje Åström å fylgje opp. Ein tolvteplass på 18 km i Svenska skidspelen i Sundsvall, var han beste resultat i sterk internasjonal tevling sesongen etter han vart verdsmeister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]