Karl-Friedrich Haas
| Karl-Friedrich Haas | |
| Statsborgarskap | Tyskland, Vest-Tyskland |
| Fødd | 28. juli 1931 Berlin |
| Død | 12. august 2021 (90 år) Nürnberg |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952 |
Karl-Friedrich Haas (28. juli 1931–12. august 2021) var ein tysk friidrettsutøvar fødd i Berlin, oppvaksen i Nürnberg. Han vann sølv på 400 meter i OL 1956 og bronse i EM 1958. Elles var han med å vinne tre OL/EM-medaljar i stafett i tida 1952-58.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Haas vart i 1952 fjerdemann på 400 meter under dei olympiske sommarleikane i Helsinki. To dagar seinare sprang han Tyskland inn til OL-bronse i 4 x 400 meter stafett, dei ande på laget var Günther Steines, Hans Geister og Heinz Ulzheimer. Også i europameisterskapen 1954 vart Haas nummer 4 på 400 m. På den lange stafetten var han nær ved å ta att Frankrike sin ankermann, men måtte nøye seg med EM-sølv i lag med Geister, Uhlmann og Helmut Drehen.
Under Sommar-OL 1956 i Melbourne deltok Haas både på 200 m, 400 m og i 4 x 400 m stafett. På den kortaste distansen rauk han ut i semifinalane, deretter vann han sølvmedaljen på 400-meteren, før han avslutta leikane med fjerdeplass i stafetten. I EM 1958 kneip Haas bronsemedaljen på 400 meter framfor landsmannen Carl Kaufmann, sidan var dei i lag om å vinne sølv for Vest-Tyskland i 4 x 400 m stafett.
Haas var vesttysk meister 1952-56 på 400 meter og 1952 på 200 meter. Hans personleg rekordar på dei to distansane er 21,0 og 46,29 sekund, begge oppnådd i 1956. 400-meterrekorden sette han i OL-semifinalen i Melbourne.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karl-Friedrich Haas» frå Wikipedia på tysk, den 24. juni 2020.
- Einskildmenn
- Fødde i 1931
- Døde i 2021
- Tyske sprintarar
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1952
- Tyske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Tyske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland