Karl A. Tryggeseth
| Karl A. Tryggeseth | |||
| Fødd | 6. mai 1883 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 23. februar 1971 (87 år) | ||
Karl Ingvald Andersson Tryggeseth (6. mai 1883–23. februar 1971) var ein norsk gardbrukar på Tryset i Hjørundfjord. Han var ordførar 1941 og 1945 i dåverande Hjørundfjord kommune. Karl Andersson Tryggeset var farfar hans.
Karl A. Tryggeseth dreiv i yngre år med tranbrenning på Værøy og Røst. I 1916 tok han over farsgarden Karlgarden på Tryset og dreiv denne fram til 1954. «Han hadde stadig nybrot på gang... med særleg interesse for hesteavl».[treng kjelde] I 1924 var han ein av sju karar som kjøpte avlshingsten Molnesblakken for kroner 10000,-. Elles dreiv han i mellomkrigsåra ei tid med sølvrev.
Tryggeseth var frå 1920 styremedlem i nyskipa Hjørundfjord Samvirkelag, og 1925 i det nyskipa Sunnmøre hesteavlslag. 1930-33 var hanformann i Hjørundfjord helselag. Få 1933 til -52 var han styreformann i Hjørundfjord Sparebank. 1926-31 og 1938-42 var Tryggeseth varaordførar i Hjørundfjord kommune. Tre månader i 1941 var han konstituert ordførar i kommunen, sameleis i året 1945 etter at Noreg vart fritt nazi-styret.
«Tryggeseth var ein gild mann å møte i kvardag og helg, lun og spøkefull... rådgjevar til så mange som bad om det.»[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 69ff. 2024
- Folketeljing 1920