Karl Aasland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Aasland
Fødd 13. november 1918
Time
Død

29. mars 1982

Yrke politikar

Karl Aasland (13. november 191829. mars 1982) var ein norsk politikar frå Time kommune i Rogaland. Han var stortingsrepresentant frå Rogaland fylke for Senterpartiet frå 1969 til 1977. Han var medlem i Landbrukskomiteen, den siste perioden nestformann.

Aasland var son til ein gardbrukar. Etter landbruksskule i 1940 gjekk han Statens Meieriskole og i 1944 tok han artium i Stavanger. Der etter studerte han ved Norges landbrukshøgskole på meieriavdelinga og tok eksamen i 1947. Same året vart han tilsett meieristyrar på Ålgård, ei stilling han hadde til 1961. Frå 1962 var han direktør ved Frue meieri i Stavanger, ein jobb han hadde til han døydde.

Åra 1960-61 var Aasland med i Gjesdal kommunestyre. I 1962 flytta han til Stavanger og var medlem av bystyret 1965-67. Frå hausten 1969 representerte han Rogaland og Senterpartiet på Stortinget i åtte år. Alle åra var han med i landbrukskomiteen, nestformann i komiteen 1973-77.

Aasland engasjerte seg i fleire meierifaglege forum og var såleis formann i Rogaland meierifolklag, seinare meierilag, frå 1951 til 1960, medlem i rådet for Vestlandske Mjølkesentral frå 1959 til -67 og i elleve år frå 1960 styreformann for Rogaland tørrmelk og kasein A/L. Elles var han formann i fagstyret for Jæren meieriskule på Bryne frå 1965 til 1981. Han var òg frå 1978 til han døydde styremedlem i Diplom-is.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]