Karl Alexander Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Alexander Müller
Karl Alexander Mueller.jpg
Alex Müller i 2001.
Fødd20. april 1927 (91 år)
Basel i Sveits
NasjonalitetSveitsisk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Zürich
Alma materETH Zürich
Kjend forHøgtemperatur-superleiar
MedlemDet saksiske vitenskapsakademiet
National Academy of Sciences
Polska Akademia Nauk
Det russiske vitskapsakademiet
Slovenias akademi for vitenskap og kunst

Karl Alexander Müller (fødd 20. april 1927) er ein sveitsisk fysikar. Müller mottok Nobelprisen i fysikk i 1987, saman med Johannes Georg Bednorz, «for oppdaginga deira av eit superleiande oksid i keramisk materiale».

Müller vart utdanna frå Eidgenössische Technische Hochschule Zürich, og var lektor ved Universität Zurich fram til han i 1963 vart tilsett ved IBMs forskingssenter i Rüschlikon. Her jobba han fram til han gjekk av med pensjon, og dreiv spesielt med låge temperaturar, mellom anna varmeleiingseigenskane til oksidsambindingar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • (med J.G. Bednorz): Possible High Tc Superconductivity in the Ba-La-Cu-O System. In: Zeitschrift für Physik. B: Condensed matter bind 64 (1986) s. 189–193. ISSN 0722-3277. (Volltext).
  • Paramagnetische Resonanz von Fe3+ in SrTiO3 Einkristallen. Diss. ETH Zürich 1958. (Abstract).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]