Karl Arne Utgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Arne Utgård
Fødd 6. mars 1951
Sykkylven
Yrke advokat, dommar, høgsterettsdommar

Karl Arne Utgård (fødd 6. mars 1951) fødd i Sykkylven er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. november 1999.

Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1976. Han avtente verneplikta hos Krigsadvokaten for Østlandet 1977-78, var advokatfullmektig 1978-79, dommarfullmektig i Hadeland og Land sorenskrivarembete 1979-1980, og advokatfullmektig og advokat hos Regjeringsadvokaten i åra 1980-1984. Han vart advokat med møterett for Høgsterett i 1982. Han arbeidde som privatpraktiserende advokat på Hamar i åra 1984-1999, der han mellom anna var fast forsvarar i Eidsivating lagmannsrett 1988-1997 og i Hedmarken heradsrett 1995-1997.

Karl Arne Utgård er den første faste dommaren i Høgsterett som skriv på nynorsk. Han har vore ein føregangsmann for bruk av nynorsk i jussen og har gitt ut ei eiga juridisk og administrativ ordliste på nynorsk. For arbeidet sitt fekk han prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursenter i 2000.

Frå 2005 har Utgård også vore styreleiar for Domstoladministrasjonen ved sida av embetet som dommar i Høgsterett.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Karl Arne Utgård hos domstol.no, vitja 15. juni 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]