Karl Bugge
Karl Bugge | |
![]() | |
Fødd | 5. februar 1840 Christiania |
---|---|
Død | 3. november 1916 (76 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | advokat, politikar, banksjef |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Leontine Buch |
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Karl Ludvig Tørrisen Bugge (5. februar 1840–3. november 1916) var ein norsk sakførar, bankmann og stortingsmann, fødd i Christiania.
Bugge var son til ein skipsbyggjar i Fredrikstad. Han vart student i 1860 og cand. jur. i 1864. Frå 1865 var han sakførar og seinare høgsterettsadvokat i Trondheim. Åra 1874-86 var han direktør for Trondhjems realkreditbank. Deretter var han direktør i Realkreditbanken i Kristiania frå 1886 til 1902. Samstundes praktiserte han 1891-98 som både aktor og forsvarar ved Høgsteretten i hovudstaden. Han skreiv og gav ut fleire avhandlingar om juridiske emne.
Bugge var medlem av formannskapet i Trondheim 1879-83, ordførar 1882. Frå 1883 til 1888 var han stortingsrepresentant for Trondhjem og Levanger. I den fyrste treårsperioden var han medlem av næringskomite nr 2, i den siste av Lagtinget og justiskomite nr 1. Bugge var 1891-95 formann for ein departemental komite vedkomande konkurranselovgjevinga. På Stortinget slutta han seg til Høgre si gruppe då denne vart skipa i 1884.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Karl Bugge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1840
- Døde i 1916
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger
- Ordførarar i Trondheim
- Høgreordførarar i Sør-Trøndelag
- Norske advokatar
- Norske bankfolk
- Frimurarar
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- St. Olavs Orden
- Nordstjerneordenen
- Elevar ved Universitetet i Oslo
- Folk frå Oslo